Redd verda – bittelitt av ganga
UiT vidareførar ordninga, og søkjer no nye berekraftspilotar. Ei perfekt deltidsstilling for deg som er student og opptatt av miljøet.
I fjor starta UiT Noregs arktiske universitet prosjektet med ei gruppe berekraftpilotar. UiT jobbar med å sette FN sine berekraftmål på universitetet, og treng hjelp til å få studentanes perspektiv inn i arbeidet.
– Det fyrste året har vore prega av å prøve og feile, men no er det ein driv over arbeidet og vi vel å vidareføra ordninga, seier leiaren i UiT si bærekraftkomité, Edel Elvevoll.
Har fått mykje oppmerksemd
Berekraftpilotane har mellom anna fått in berekraftmåla i Debutuka og Fadderuka.
– Ordninga med berekraftpilotar har virka bra, mellom anna var Our Ocean-konferansen ein stor happening der alle blei veldig inspirert. Eg synas dei har fått mykje oppmerksemd på dei ulike studiestadane våre, seier Elvevoll.
UiT har berekraftpilot i Harstad, Narvik, Alta og Tromsø.
- Les intervju med berekraftpilot Hedda Crogh: Vil ha berekraft-fokus i alle fagplanar
Deltok på store konferansar
Berekraftpilotane har gjort seg merka ved å delta på fleire store konferansar og arrangement. Mellom anna var dei med på Arctic Circle, Berekraftkonferansen i Bergen, Our Ocean-konferansen i Oslo og berekraftdagane i Tromsø og Harstad.
Det som kanskje står seg mest ut er nattevandringa i samarbeid med Norad i august tidlegere i år.
Bli med på laget
No lyses stillingane som berekraftpilotar ut på nytt. Det er fem ledige 20 %-stillingar for dei som vere med å inkludera studentperspektivet i berekraftmåla. For å kunne vere kvalifisert må du vere registrert som student ved UiT når du søkjer og i heile perioden du er berekraftpilot.