Bærekraftskonferansen 2019: re:thinking / re:working
Korleis kan forskning og utdanning visa veg til global bærekraftig framtid. UiB/Bergen 6-8. februar 2019
Bærekraftskonferansen 2019 vil diskutera korleis forskning og utdanning kan visa veg til global bærekraftig framtid med å tenkja på nytt og å arbeida på nye måtar.
Lenke: nettinformasjon om konferansen og påmelding
Konferansen er open for alle: akademikarar, studentar, sivilt samfunn, næringsliv og styresmakter - nasjonalt og internasjonalt.
Ein vil særleg sjå på tre par av FNs bærekraftsmål som Noreg og andre land skal rapportera på til FN nå til sommaren. Dette er også hovudbolkane i programmet 7-8. februar:
- SDG4 God utdanning og SDG10 Mindre ulikskap
- SDG8 Anstendig arbeid og økonomisk vekst og SDG13 Stoppa klimaendringar
- SDG16 Fred og rettferd og SDG17 Samarbeid for å nå måla
Det er United Nations High-Level Political Forum on Sustainable Development - HLPF som kvart år vurderer framdrift for berekraftsmåla. Tema for HLPF-møtet i juli 2019 er Empowering people and ensuring inclusiveness and equality med utgangspunkt i dei seks måla ovanfor. På møtet i 2018 vart det rapportert om tilbakegang i høve til lovnaden om å leave no one behind.
06. februar er Day Zero. Her kan organisasjonar og interesserte organisera halv-dags seminar og samlingar om sine tema. Så langt er det 22 seminar i programmet, truleg kan her koma fleire.
M.a. inviterer Studentparlamentet ved UiB til diskusjon om Bærekraft + høyere utdanning = sant. Andre tema er: grønn økonomi og kjønn, bærekraftsmåla i utdanning, helseforsking, menneskerettar og mange andre.
Regjeringa sine statusrapportar til FN-HLPF:
- One year closer 2018 (framlagt til møtet i 2018)
- One year closer - Status report 2016 (framlagt til møtet i 2017)
Sjå også: UiT og FNs bærekraftsmål - læringspunkt fra frokostseminaret



