Vil bidra til betre avfallshandtering
– No som vi veit korleis avfall og gjenvinning vert stadig meir knytt til klima- og miljøspørsmål, må vi stille oss spørsmålet om vi har den rette kompetansen for framtida. Det er eit godt utgangspunkt for eit samarbeid med UiT Norges arktiske universitet, seier administrerande direktør i Remiks, Bård Jørgensen.
I dag signerte han og UiT-rektor Anne Husebekk ei samarbeidsavtale om studentsamarbeid, utdanning, forsking og formidling.
Konkrete mål for samarbeidet er å:
- fremme dialog og samhandling mellom Remiks og UiT for å identifisere områder for felles prosjekt
- styrke høve for samhandling mellom Remiks og studentar, herunder studentoppgåver og internship
- etablere kontakt mellom tilsette ved Remiks og relevante fagmiljø ved UiT for gjensidig kompetanseutvikling.
– Avfall er ein ressurs
Ifølgje Bård Jørgensen har avfalls- og gjenvinningsbransjen vore gjennom store endringar dei siste 20 åra, både teknologisk og økonomisk. Han meiner at ressursutnyttting, utvikling av avfall som råvarer og nye formar for verdiskaping stiller store krav til auka kompetanse.
– Skal vi byggja samfunnet i framtida basert på ein slik tankegang og praksis, må rekruttering starta no. Vi er difor glade for å sjå ein aukande interesse frå UiT, til å bidra aktivt både innan forsking og utdanning, seiar Jørgensen.
Han nemner maritim forsøpling, haldningar rundt kjeldesortering og utnytting av avfall som ein ressurs som nokre moglege forskingsprosjekt. Ifølgje ei geologisk undersøking frå USA vil dei som er fødd i 2010 eller seinare vere den første generasjonen som opplevet at fleire av minerala som i dag finst i naturen ikkje lenger vil vere der.
– Det tyder på at vi må tenkje forskjellig i tilhøve til det, og den omveltningen av samfunnet er det viktig å ta fatt på. Vi kan vere med og forme ny teknologi og nye måter å leve på, produsere på og konsumere på, og knytte produksjon og konsum tettare saman. Det er utfordrande for økonomane, fordi dei ikkje kan tenkje berre vekst, men korleis utnytta ressursane og laga produkt som bidreg til mindre ressursbruk i framtida, seier Jørgensen.
Treng god planlegging
I tillegg treng bransjen ingeniørar som kan vere med og utvikle mellom anna tekniske system og nye formar for energiberarar. Men det er òg viktig med kompetanse innan samfunnsvitskap og formidling.
– Samkvemmet vårt med dei som produserer avfallet krev rettleiing for at vi skal lukkast. Folk må forstå kvifor dei skal gjere det vi ber dei om. Så vi må lage gode system, som heng saman med overordna planlegging, seier Jørgensen og legg til:
– Vi treng alt frå ingeniørar til idéhistorikere, så her er det berre å setje i gang.
Rektor ved UiT, Anne Husebekk, er samd i at det er viktig at universitetet er tett på Remiks med studentar og forsking og godkjenner at avfallshandtering byggjer på solid kunnskap og skaper verdiar.
– Remiks har vore ein verdifull samarbeidspartnar i fleire år, og avtala formaliserer samarbeidet ytterlegare. Samhandling mellom næringsliv og akademia gjev det beste grunnlaget for relevant kompetanseutvikling. Vi gler oss over avtala med Remiks, seier Husebekk.