Medieproduksjonsstudentane har laga eigen avis i Alta

Studentane har hatt avispraksis og har i samband med det starta ei ny studentavis på nett. Over 20 saker har dei publisert om ting som skjer i Alta og studentlivet elles. Avisa heiter "Helt Seriøst".
Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 03.05.17 00:00 Oppdatert: 29.11.17 21:12

AVISA: Slik ser avisa ut på nett. "Helt Seriøst er ei heilt ny studentavis på UiT campus Alta. Foto: Inger Elin Utsi

Ti medieproduksjonsstudentar ved UiT campus Alta oppretta i førre veke ei studentavis på nett. Bachelor i medieproduksjon dekkjer dei fleste fagfelta innan det som har med media og kommunikasjon å gjere. Alt i frå medievitskap, filmproduksjon, og sjølvsagt journalistikk.

Førre veke hadde studentane «avisveka», der dei oppretta ein redaksjon med eigen redaktør, vaktsjef og journalistar.

«Avisuka» går ut på at studentane får praktisere det dei har lært i faget journalistikk, som å finne og skrive saker og ta bilde. Dei produserte saker for studentar, tilsette og andre som er interesserte i kva som skjer i Alta, og i løpet av veka har dei produsert over 20 saker.


- Vi har saker om studentar og studentaktivitetar, filmmeldingar med meir, seier Are Bergset Elvestad, ein av studentane.

Nettavisa kan de finne på www.Heltseriost.Wix.com/Heltseriost"

UiT kjem til å dele sakene via Facebook denne våren slik at flest mogleg får lest dei.

REDAKSJONEN: Slik så det ut da studentane laga sin eigen avis i Alta under studia. Foto: Are Bergset Elvestad.

Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 03.05.17 00:00 Oppdatert: 29.11.17 21:12
Vi anbefaler