Ny nettside med engelske språkråd

Treng du hjelp med engelsken din? Små og store tips og råd kan du no få på ei eiga engelsk språkrådsside.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 05.11.13 00:00 Oppdatert: 05.11.13 11:37

English Language Help Desk er bygd opp med fire hovudartiklar: om grammatikk, teiknsetjing, staving og stil. I tillegg er det ei side med FAQ - ofte stilte spørsmål - og ei side med nyttige lenker.

Det er mogeleg å koma med direkte tilbakemeldingar og sende inn spørsmål. I tillegg er det på framsida dagleg døme på nye ordpar som det er lett å forveksle.

teikning
Kvar artikkel på nettsidene har ein introduserande illustrasjon.

Målet er å auke engelskkompetansen

Det er språkrådgjevar på HSL-fakultetet, Marina Pantcheva, som står bak sida.

I tillegg til å drifte denne og på anna vis hjelpe til med å auke engelskkompetansen hjå fagleg og administrativt tilsette, les og arbeider ho med ferdige utkast til tekstar. Først og fremst søknader om forskingsprosjekt og eskterne midlar. Ho korrekturles ikkje artiklar og avhandlingar, men på nettsidene finn du kontaktinformasjon til omsetjarar og språkvaskarar som kan gjera dette.

- Målet vårt er å auke kompetansen i engelsk til kvar enkelt tilsett. Dei som difor leverer tekstar til meg, må rekne med å få tilbakemelding på språklege problem som går igjen, smiler ho.

- Me vil at folk skal lære noko til neste gong.

Samandraget må skine

Ho understrekar likevel at ein stressa forskar som sender ein forskingssøknad inn til språkvask ikkje må føle noko ansvar for å vera engelskstudent.

- Forskingssøknader er min førsteprioritet, og dei legg me stor vekt på at skal vera skikkeleg språkleg gjennomarbeidde. Særleg samandraget - det er det viktigaste vindauga inn til søknaden, så det må skine, seier ho.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 05.11.13 00:00 Oppdatert: 05.11.13 11:37
Vi anbefaler