Boklansering 31.oktober - Øystein A. Vangsnes
Språkforskar ved UiT Noregs arktiske universitet, Øystein A. Vangsnes, har i fleire år engasjert seg i spørsmål om språkleg toleranse og mangfald, og er no aktuell med ei debattbok om emnet: Språkleg toleranse i Noreg - Norge, for faen!
Boklansering: Språkleg toleranse i Noreg - Norge, for faen!
Kommentarar ved Mona Solbakk, kommunikasjonssjef ved UiT, og Pål Julius Skogholt, styremedlem i Tromsø mållag.
Sted: Akademisk Kvarter i UB-kjelleren
Tid: Torsdag 31. oktober kl 15:15
Kvifor møter meir synleggjering av samisk språk i Nord-Noreg
sterk folkeleg motstand? Kvifor ser ein stadig negative og til dels hatske utfall mot nynorsk? Er det eigentleg så populært med alle moglege slags dialektar i dette landet? Og kvifor er det så opprørande at minoritetsspråklege born i Noreg skal få tilbod om morsmålsopplæring?
Språkforskar ved UiT Noregs arktiske universitet, Øystein A. Vangsnes, har i fleire år engasjert seg i spørsmål om språkleg toleranse og mangfald, mellom anna den såkalla «språkstriden» i Tromsø i 2011 og framover. No er han aktuell med ei debattbok om emnet. Gjennom ti frittståande tekstar tek boka opp ein rad dagsaktuelle emne knytt til språkleg mangfald, alt frå hakking på dialektbruk via angrep på nynorsk og samisk til synet på fleirspråkleg opplæring.
Velkommen på boklansering!



