Eventyr blir ikkje forska på lenger
Det meinte museumsdirektør og folklorist Marit Hauan, då ho kåserte under opninga av Universitetsbiblioteket si utstilling "Det var en gang - Folkeeventyret mellom nasjonalskatt og verdensdikting."
- Mitt fag, folkloristikken, er vorte borte - teke opp i kulturminnevern og kulturanalyse, utdjupa Hauan.
- Og i litteraturfaget kan det virke som om eventyra er mindre interessante, av di dei er vortne plasserte i den munnlege, førskriftlege kulturen. Men det er jo det som er så interessant med dei norske folkeeventyra - dei eksisterte jo både før og vart etterkvart ein del av den nasjonsbyggande skriftkulturen på 1800-talet, sa ho.
![]() |
| Utstillinga på UB syner mellom anna fram mange av dei fargerike illustrasjoanne som følgjer eventyrutgåvene. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg |
Jubileum
Det er i samband med 200-årsfeiringane av Peder Christian Asbjørnsen og Jørgen Moe at Universitetsbiblioteket har laga utstillinga. Asbjørnsen var fødd i 1812, Moe i 1813. I tillegg er det Grimm-jubileum i år - den første boka til dei tyske eventyrsamlarbrørne Jacob og Wilhelm Grimm kom ut i 1812; Kinder- und Hausmärchen.
- Men det overordna siktemålet med utstillnga er å sjå på folkeeventyra i spennet mellom det lokale, det nasjonale og det allmenne, mellom nasjonsbygging og verdskultur, sa biblioteksdirektør Helge Salvesen under opninga.
- Og i tillegg til jubilea har me eit særskilt blikk for dei nordnorske og dei samiske eventyra, fortalde han.
Vart nasjonalkultur
Ole Tobias Olsen var den første store innsamlaren av nordnorske eventyr. I 1912 kom det hovudverket Norske folkeeventyr og sagn, samlet i Nordland. Han samarbeidde med Moltke Moe, noko som fekk stor innverknad på verket.
![]() |
| Askeladden - eller Oskefisen - finst i mange variantar. |
- Moltke Moe bearbeidde materialet, og resultatet vart at han han skreiv Olsen sine innsamlingar heilt om. Om lag 80 % av det som til slutt kom ut, er Moes omskrivingar.
- Men det illustrerer korleis mykje av folkediktinga vart ein del av nasjonalkulturen ikkje ved å bli samla inn, men ved å bli skapt, sa Hauan.
Ein annleis nordnorsk tradisjon
- Det er mange generelle kjenneteikn på eventyr - og sagor og fairy tales eller folk tales som det heiter på svensk og engelsk. Det er faktisk berre på norsk og dansk me snakkar om eventyr.
- Men dei nordnorske eventyra skil seg også ut. Dei er novellistiske, realistiske, utflytande i forteljinga - og har mange moderne element i seg, fortalde Hauan, før ho las frå sitt favoritteventyr; Den store mangfoldigheta.
Under opninga las også skodespelar Ketil Høegh Skarvene fra Utrøst og Moskenesstrømmen.
![]() |
| Ketil Høegh las om han Isak som møtte skarvane på veg til Utrøst. |
.jpg)
.jpg)
.jpg)


