Overraskande stadnamnfunn på Svalbard

Norske stadnamn er sjølvsagt dei vanlegaste på Svalbard. Men kva for andre nasjonar har sett namnespor etter seg på øygruppa?

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 31.10.12 00:00 Oppdatert: 05.11.12 08:15

 

Longyearbyen er kalla opp etter grunnleggjaren av
staden
i 1906, John Munroe Longyear, største eigaren
av
Arctic Coal Company. Foto: Maja Sojtaric.

- Det mest overraskande var kanskje at talet på nederlandske namn kom så langt ned på lista, seier Oddvar Ulvang, i si nyleg ferdige masteroppgåve om temaet.

For det var særleg hollendarane som tok øygruppa først i bruk, etter at at Willem Barentsz oppdaga ho og gav øygruppa namnet Spitzbergen i 1596. Men mange nasjonar har drive aktivitet der sidan.

- Dei ulike nasjonane har sett spor etter seg i stadnamn i samband med vitskaps- og fangstekspedisjonar, fortel Ulvang vidare.

- I tillegg til nordmenn og hollendarar har også svenskar, britar, russarar og tyskarar vore aktive.

- Og at svenske namn kom som nummer to på lista, var ikkje uventa, men at Tyskland var nummer fire - før Russland, Frankrike og Nederland, var overraskande. Og ikkje minst at Nederland også kom bak Østerrike, det vil eg meine er sensasjonelt, seier Ulvang.

Kvifor festar nokre namn seg betre enn andre?

Feltarbeid på Kapp Hammerfest. Foto: Kåre Monrad Bratlien/Norsk Polarinstitutt

- Ei mogeleg forklaring kan vera at kommersielle interesser som fangst og gruvedrift har vore prioriterte for dei nasjonane som kom eit stykke ned på lista, framfor oppdagaranes evige higen etter å vera først, plante flagget og gje staden namn.

- Og når det gjeld russiske namn, kan sjølvsagt språket ha vore eit hinder for at desse festa seg, seier Ulvang.

Ulike type namn

I masteroppgåva har han også klassifisert kva for type namn, som naturnamn, oppkallingsnamn og namn frå kulturfeltet, som dei ulike nasjonane har valt å bruke.

- Mykje er oppattkalling av folk eller stader der utforskarane, fangstfolka og arbeidarane kom frå, seier Ulvang.

- Sidan Tromsø og Hammerfest var utgangspunkt for mange av dei norske, finn me namn som Tromsøya, Tromsøbreen, Kapp Hammerfest, Andeneset og Vårsolbukta - det siste ei bukt i Bellsundet, oppkalt etter m/k "Vaarsol" av Tromsø.

Fjellet Eremitten på Vaigattbogen. Foto: Dierk Blomeier, Norsk Polarinstitutt.

- Og hollendarane kalla Hinlopenstredet for Waaigat, noko som tyder 'opninga kor vinden blæs frå'. I dag er det fem stadnamn som har forstavinga Vaigatt: Vaigattbogen, Vaigattbreen, Vaigattfjellet, Vaigattneset og Vaigattøyane, fortel han.

Nynorsk namnetradisjon

På Svalbard blir det praktisert nynorsk i stadnamn, og ifølgje tidlegare hydrograf og ekspedisjonsleiar på Norsk Polarinstitutt, Kaare Z. Lundquist, hadde Adolf Hoel si eiga historie omkring årsaken til dette, fortel Ulvang.

Oddvar Ulvang har nyleg levert masteroppgåva si om stadnamn på Svalbard. I 2000 tok den aktive 72-åringen hovudfag i historie - også det med tema frå Svalbard. Foto: privat

- Hoel var leiar for De Norske Svalbardekspedisjoner og var avhengig av støtte frå staten. Under eit møte med kyrkjeministeren, som var ansvarleg statsråd, skal ikkje denne ha vore særleg imøtekomande. Men då ministeren var ihuga nynorskmann, fekk Hoel den lyse idéen å love nynorske namn på Svalbard-karta.

- Såleis fekk han finansieringa på plass, og ministeren skal i begeistring ha uttalt: «Detta må firast. Lat oss gå ut og ta ein vørterøl.»

Mastoppgåva blir om ikkje lenge tilgjengeleg i Munin.

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 31.10.12 00:00 Oppdatert: 05.11.12 08:15
Vi anbefaler