Marie vann iPaden!
Historiestudenten Marie Berger (20) var den som best kunne svara på kva som kjenneteikna eit godt demokrati under årets Forskingstorg.
![]() |
| Marie Berger (t.h.) tek imot iPaden frå instituttleiar ved ISS, Anne Britt Flemmen. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg. |
Marie gjennomførde "Spelet om samfunnet" med godt resultat og kvalifiserte seg såleis til å svare på spørsmålet om kva som var dei viktigaste kjenneteikna ved eit demokrati. Alle under 20 år kunne delta i konkurransen - der ein kunne vinne ein iPad. 260 svar kom inn.
Presist nok
- 6 av dei 260 svara var me hundre prosent fornøgde med, og Marie sitt vart trekt ut blant desse seks i superfinalen, fortalde førsteamanuensis Marcus Buck under premieutdelinga tysdag. Saman med dei som hadde utvikla spelet, instituttleiar på ISS, Anne Britt Flemmen og førsteamanuensis Sissel H. Eriksen, var han jury.
- Hovudproblemet for mange var at dei skreiv ned for mykje - ei heil rekkje begrep som ikkje vart presise nok. Men Marie hadde med det viktigaste: frie val, fungerande uavhengig rettsstat, folkevald styre, maktfordeling og like rettar til alle. Veldig bra! skrytte Buck.
![]() |
| Over 400 deltok på Spelet om samfunnet under årets Forskingstorg. |
Såpelet om samfunnet
"Spelet om samfunnet" var hovudinnslaget på HSL-fakultetet sin stand under årets Forskingstorg. Institutt for sosiologi, statsvitskap og samfunnsplanlegging (ISS) stod bak. Spelet, som var ei blanding av kultursti og kviss - eller ei "kunnskapsløype" - vart ein stor suksess, med over 400 deltakarar.
.jpg)
.jpg)


