Bengt-Ove Andreassen har gjeve ut ny bok i religionsdidaktikk - den første som er skreddarsydd for dei som skal undervise i RLE-faget (religion, livssyn og etikk)." /> Bengt-Ove Andreassen har gjeve ut ny bok i religionsdidaktikk - den første som er skreddarsydd for dei som skal undervise i RLE-faget (religion, livssyn og etikk)." />

Ny bok i religionsdidaktikk

Førsteamanuensis Bengt-Ove Andreassen har gjeve ut ny bok i religionsdidaktikk - den første som er skreddarsydd for dei som skal undervise i RLE-faget (religion, livssyn og etikk).

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 05.07.12 00:00 Oppdatert: 04.07.12 15:39

Bengt-Ove Andreassen har kome med ei lenge etterlengta bok i religionsdidaktikk. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Andreassen er fødd og oppvaksen med religionsvitskap på Universitetet i Tromsø - han tilhøyrde det første kullet på grunnfag, mellomfag og hovudfag, og var den første som disputerte i faget ved UiT.

Ideen om boka har han leika med heilt sidan han på disputasen i 2008 vart oppmoda om det frå førsteopponenten.

- Det var verkeleg behov for ei oppdatert bok. Religionsfaget i grunnskulen har vore gjennom fire læreplanendringar mellom 1997 og 2008, men ingen didaktikklærebøker har fanga opp alle desse endringane.

- Dette er såleis den første boka som er tilpassa RLE-faget i skulen i dag, fortel Andreassen.

Det som skil

Det som skil boka mest frå dei eksisterande didaktikkbøkene i faget, er Andreassen sitt klare religionsvitskaplege perspektiv, mot for eldre bøker med meir kristendomsfaglege og teologiske perspektiv.

- Denne boka tek det nye RLE-faget på alvor. Og sjølv om det er ei didaktikkbok for lærarstudentar, har eg lagt stor vekt på at ho skal vera relionsfagleg. Ho kan brukast på alle dei ulike lærarutdanningane, seier Andreassen.

Konfliktperspektiv

Eit døme på det religionsvitskaplege perspektivet er at boka opnar for diskusjon om at religionsfaget også i grunnskulen må tore å vera konfliktorientert.

- Frå mi eiga erfaring som lærar på ungdomstrinnet og i vidaregåande veit eg at elevar etterspør dette - dei vil snakke om det problematiske med religion og at religion kan føre til konfliktar.

- Men i den religionsfaglege didaktikken har ikkje lærarstudentar fått noko trening i dette - alt skal vera så positivt i Noreg. Undervisning i og kunnskap om religion skal umiddelbart føre til toleranse og respekt, utan at me har noko forsking som byggjer opp under ei slik slutning, avsluttar Andreassen.

Les meir om boka her.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 05.07.12 00:00 Oppdatert: 04.07.12 15:39
Vi anbefaler