Byplanlegging i møte mellom ulike aktørar

Mange har sterke meiningar om kommunal byplanlegging, og frå ulike sivilsamfunnsaktørar blir det ofte tatt initiativ for å koma til orde i planprosessane. Men kor lett er det for andre aktørar å påverke den kommunale byplanpraksisen?

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 04.07.12 00:00 Oppdatert: 03.07.12 16:08

Ronny Kristiansen peikar på konkrete faktorar som er viktige for å forstå korleis ulike aktørars initiativ skal kunne vera med å endre byplanleggings-prosessar. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Samfunnsplanleggar Ronny Kristiansen har studert desse spørsmåla i avhandlinga si Kritisk-alternative initiativ i norsk byplanlegging. En studie av Byutviklingens År i Tromsø og Nyhavna-Regjeringen i Trondheim.

- Målet med doktorgradsarbeidet har vore å forstå og forklare korleis og kvifor - eller kvifor ikkje - initiativa har bidratt til å endre byutviklingspolitikk og planpraksisar i dei to byane, seier Kristiansen.

Ulike utgangspunkt i Tromsø og Trondheim

Byutviklingens År (ByÅr) i Tromsø og Nyhavna-Regjeringen i Trondheim gjekk føre seg høvesvis i 2005 og 2006.

- ByÅr kom til etter framlegg frå ein lokal arkitekt, men vart utført som eit formelt samarbeid mellom dei profesjonelle "utanfrå"-aktørane i initiativet og planutvalet i kommunen.

- Nyhavna-Regjeringen, derimot, var eit meir aktivistisk, leikent prosjekt av ”amatørar”, med utgangspunkt i at arrangørane av muskkfestivalen By:Larm, som skulle gå føre seg mellom anna på Nyhavna i Trondheim, ønskte at denne skulle dreie seg om meir enn berre musikk, området fortel Kristiansen.

Resultatat vart få

Ein modell av Tromsø sentrum i utstillinga X-files under Byutviklingens År i Tromsø 2005. Foto: Tromsø kommune.

Resultata av dei to såkalla "kritisk-alternative" initiativa til å påverke og endre planpraksisane i kommunane, var likevel få.

- ByÅr bidrog for det første for ei stakka stund til eit større fokus på openheit i byplanleggingen, både på prosjektnivå og på den overordna byplanlegginga – men på lengre sikt fekk dette få praksis-effektar. Planleggjarar og særleg politikarar var inspirerte av Byutviklingens År, men det førde ikkje til meir grunnleggjande endringar i tenke- og handlemåtar.

- Men - det bidrog til å justere policy i sentrumsplanen, frå einsidig vektlegging på bolig, til auka vektlegging av andre program og funksjonar og det bidrog til å i større grad få inn eit barn- og ungeperspektiv, seier Kristiansen

- For Nyhavna-Regjeringen skulle Nyhavna vera ein helt anna måte å tenkje byplanlegging på, med meir vekt på inkludering, lokale kreative eksperiment og rom for det litt meir rufsete og mindre glatte. Samstundes var dei fortalarar for ei heilskapleg offentleg planlegging framfor privatinitiert, prosjektbasert byplanlegging.

- Saman med andre aktørar bidrog ”Regjeringen” med å skapa merksemd omkring Nyhavna, og dei var ein av fleire bidragsytarar i ei viss justering av den offentlege debatten, slik at den også omfatta "kultur", "kreativitet" og "mangfoldig bydel". Men elles medførte ikkje Nyhavna-Regjeringen noko endring i etablerte praksisar.

Nyhavna-området i Trondheim. Foto: Trondheim kommune.

Lanserer analytisk modell

Kristiansen har studert møtet mellom dei ulike aktørane i planprosessane - initiativa utanfrå, dei administrative planleggjarane og politikarane. Han har undersøkt deira ulike forståingar av kva byplanlegging er, kan og bør vera, og korleis aktørane meiner byane burde utviklast.

Sjølv lanserer han i avhandlinga ein modell for å analysere utanfrå-baserte endringsinitiativ.

- Det er vanskeleg å utgreie noko allment om endringskapasitet, likevel meiner eg det er nokre konkrete faktorar som er relevante utover dei to døma eg har sett på - men at ein må vera klar over korleis dei på ulike måtar vil spela saman på ulike stader, seier Kristiansen.

- Den første faktoren er tvetydige institusjonelle situasjonar, kor det ikkje lenger er klare og generelt aksepterte reglar og normer for korleis byplanlegging skal gjerast. Då ligg tilhøva til rette for endringsinitiativ.

- Vidare må desse initiativa kople seg mot andre aktørar i bysamfunnet og prøve å forankre idear på institusjonelle arenaer, samstundes som dei har distanse nok til å halde på egen autonomi.

- I tillegg er det viktig med effektive argument og retoriske grep som inngir truverde, attraktivitet og tillit, til dømes gjennom å kombinere radikale, nye idear med etablerte, skapa lokal attkjenning og overskride etablerte posisjonar.

- Sist, men ikjke minst er det avgjerande å innsjå at oppslutning om idear og argument ikkje i seg sjølv medfører endringar i praksis. Det er mange barrierar for faktisk endring. Dette handlar om organisering, timing, skala og at i institusjonaliseringsprosessar vil det som tilsynelatande såg ut til å vera felles oppslutning om ide eller argument vise seg å vera basert på ulike tolkingar av ideen eller argumentet, kor kanskje ikkje den kritisk-alternative ideen er det som reelt vinn fram, avsluttar Kristiansen.
  

Les heile avhandlinga i Munin.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 04.07.12 00:00 Oppdatert: 03.07.12 16:08
Vi anbefaler