Sterke søkjartal til nettstudia
HSL-fakultetet sine nettilbod blir berre meir og meir populære. På ein del emne er det fleire søkjarar enn til ordinære campus-baserte emne.
![]() |
| Nettstudium er populære som aldri før. Foto: Colourbox. |
- Me har lagt ned eit målretta arbeid med nettilboda våre og følgjer opp universitetet si vedtatte satsing på fleksible studium, fortel Mona Pettersen og Anita Evensen i utdanningsseksjonen på HSL-fakultetet.
- Og det gjev gledelege resultat. Me tiltrekkjer oss studentar frå heile landet - ja, utlandet også, smiler dei.
Breitt fagtilbod
HSL-fak tilbyr nettemne i dokumentasjonsvitskap, filosofi, historie, pedagogikk, sosiologi og språk - i tillegg til ex.phil. og ex.fac.
- Me har over 100 søkjarar til pedagogikk og til og med eit lite fag som latin er det 14 som ønskjer å studere.
- Særleg gledeleg er det at me har mange som ikkje berre søkjer enkeltemne, men også har meldt seg opp til eit heilt førstesemetser med både ex.phil., ex.fac. og eit fagstudium på nett, seier dei.
Kven er nettstudenten?
- Nettstudium er fleksibelt ikkje berre for dei som bur langt unna og ikkje har høve til å koma til campus. Det er også mogeleg å kombinere med jobb og andre plikter som gjer at ein kan gjera studiane når det passar best.
- Men det er på ingen måte mindre arbeidskrevjande enn ordinære studium, slår Evensen og Pettersen fast.
Og understrekar at fakultetet heile tida arbeider med å utvikle studia og gjera dei betre.
- Me ønskjer å følgje opp desse nye studentane våre og finne meir ut av kven dei er og kva slags behov dei har. Det er nok ei svært samansett gruppe, både i bakgrunn og med tanke på kva for mål dei har med studiet.
Kanskje på restetorget
Det er kanskje heller ikkje for seint for dei som no finn ut at dei ønskjer eit nettstudium til hausten.
- Viss kapasiteten tillet det når søkjarane har svart på om dei takkar ja til studiet eller ikkje, kjem kanskje eitt eller fleire av emna på restetorget. Det kan difor enno vera mogeleg å søkje mot slutten av juli, seier Pettersen.
Les også: Nye nettfag klare




