Hamsun på bulgarsk
Hausten 2011 var Evgenia Tetimova ved Universitetet i Tromsø på eit Yggdrasil-stipend. Det resulterte i ein forskingsantologi om Knut Hamsun på bulgarsk.
![]() |
| Knut Hamsun |
Antologien Knut Hamsun. A writer of three centuries (alle titlane og hjelpetekstane i antologien er også på engelsk) kom nyleg ut på St. Kliment Ohridski University Press, med Tetimova som ein av redaktørane. Det er ei samling tekstar frå to internasjonale Hamsun-konferansar i Sofia i 2001 og i 2009.
Støtte frå Hamsun-selskapet
- Arbeidet med boka har pågått ei tid, men den siste finansieringsbiten har mangla. Då Tetimova var her i Tromsø i haust for å studere nordnorsk litteratur, vart me klar over kor lite som faktisk skulle til for å gjera boka ferdig. 5000 kroner frå Hamsun-selskapet var nok, fortel førsteamanuenisis ved Institutt for kultur og litteratur, Nils Magne Knutsen.
Stadig ny Hamsun-interesse
- Det er spennande å sjå Hamsun-interessa rundt om i verda - og fascinerande korleis stadig nye generasjonar kjem fram til litteraturen hans. Eg kom nyleg heim frå Universitetet i Münster, der fire doktorgradsprosjekt om Hamsun er starta opp. Det er ei ny tysk Hamsun-forsking, seier Knutsen.



