Ny bok: Reiser og ekspedisjoner i det litterære Arktis

Litteraturforskingsmiljøet ved Universitetet i Tromsø kom rett før jul med ein ny antologi som undersøkjer korleis ulike førestillingar om Arktis og det nordlege har oppstått, og korleis dette er vorte formidla frå romantikken og fram til vår tid.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 04.01.12 00:00 Oppdatert: 05.01.12 08:53

Reiser&ekspedisjoner2.JPG
Anna Eva Bergman: N°9 - 1977 Cap Noir.
(Framsideillustrasjon til boka)

Antologien har namnet Reiser og ekspedisjoner i det litterære Arktis og inneheld 15 artiklar både av UiTs eigne og andre forskarar. Redaktørar er Johan Schimanski, Cathrine Theodorsen og Henning Howlid Wærp. Dei innleier antologien med kapitlet "Arktis som litterært prosjekt".

Ein arktisk diskurs prega av motsetningar

Boka er delt i tre delar; "Arktis i ekspedisjonslitteraturen", "Reisebeskrivelser og arktiske kulturmøter" og "Fortellinger om Arktis". Her er både utanfrå- og innanfråførestillingar om og frå Arktis - fomidla gjennom reiselitteratur og ekspedisjonsrapportar, i film og skjønnlitteratur, i aviser og vitskaplege tekstar.

"Samlet utgjør disse forestillingene en arktisk diskurs preget av motsetninger - mellom lys og mørke, mellom det rene og sunne og det farlige og demoniske", skriv redaktørane.

Frå romantikken til vår tid

Artiklane spenner vidt i tid og omhandlar tekstar frå tidleg 1800-tal fram til i dag. Frå Albert von Chamisso (1781-1838) sine bilete av det nordlege i tysk romantikk, via den franske La Recherche-ekspedisjonen ("ekspedisjonen som Norge glemte"), til Nansen og Sverdrup sine ekspedisjonsforteljingar og notidige framstillingar som Pavel Lungins film Ostrov (2006), Christoph Ransmayrs bok Isens og mørkets redsler (1984) og Jovnna-Ánde Vests romantrilogi Árbbolaččat (1997-2005).

Boka er illustrert.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 04.01.12 00:00 Oppdatert: 05.01.12 08:53
Vi anbefaler