Historie
Historie - årsstudium /Varighet: 1 år / Studiepoeng: 60Historie finst over alt rundt deg, og verda er i stadig endring. Gjennom å studere historie, studerer du endringar gjennom fleire hundre år, og kva rolle enkeltmennesket, samfunnet og strukturane har for historia. Årsstudiet gjev kunnskap om den historiske bakgrunnen for samfunnsfenomen både i fortid og samtid og gjev kunnskap om lokale tilhøve så vel som regionale, nasjonale og globale. Årsstudiet i historie er ein god inngangsport til universitetet men kan også nyttast som etter- og vidareutdanning. Det gjev deg ei god allmenndanning og gjev deg ein nyttig basiskompetanse.
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapskrav for realkompetanse: norsk, engelsk, samfunnsfag og 5 årig relevant yrkserfaring.
Studiet har oppstart både i haust- og vårsemesteret.
Antall studieplassar: Studiet er åpent. Alle kvalifiserte søkarar vil få tilbod om studieplass.
186 179
5309
Beskrivelse av studiet
Årsstudium i historie gjev kunnskap i norsk, samisk og internasjonal historie frå rundt år 1000 og fram til i dag. I tillegg gjev studiet ei innføring i historievitskapleg teori, metode, kjeldebruk og forskingstradisjon.
Studiet er retta mot alle som ønskjer ei brei innføring i historiefaget frå kring år 1000 og fram til i dag med vekt på norsk, samisk og internasjonal historie.
Årsstudiet i historie er eit heiltidsstudium på 60 studiepoeng fordelt på to semester. Første semester (haust) tar studentane innførings- og oversynsemnet HIS-1201 Noreg og verda før 1750 og fordjupingsemne HIS-1023 Samisk og kvensk historie etter 1750. Andre semester (vår) er det innførings- og oversynsemnet HIS-1202 Noreg og verda etter 1750 og fordjupingsemne HIS-1035 Slekta - den usedvanlige historien om vanlige mennesker.
Undervisninga går som hovudregel gjennom heile semesteret, det vil seie at ein får undervisning i fleire emne parallelt. Storparten av undervisninga er på campus i Tromsø, men fordjupningsemna er nettbaserte.
Hva lærer du?
Etter bestått årsstudium skal kandidatane ha følgande læringsutbytte:
Kunnskapar
Kandidaten har:
- God kunnskap om norsk, samisk og internasjonal historie frå rundt år 1000 og fram til vår eiga tid.
- God kunnskap om sentrale kjelde- og metodespørsmål i historiefaget.
- Grunnleggjande innsikt i korleis historisk kunnskap blir etablert, kva som særmerker historievitskapleg forsking og formidling og kva for rolle historievitskapen har i samfunnet.
Ferdigheiter
Kandidaten kan:
- Gjere greie for historiske problemstillingar med bruk av relevante faglege omgrep og uttrykksformer.
- Bruke og referere til kjelder og faglitteratur i samsvar med fagets tradisjonar og etablerte akademiske standardar.
- Gje og ta i mot tilbakemelding på fagleg tekst skriven av studenten sjølv og av medstudentar.
Generell kompetanse
Kandidaten:
- Kan gjere greie for innhaldet i faglitteratur innan historiefaget.
- Har innsikt i metodiske og etiske problemstillingar knytt til historiefaget.
- Kjenner til akademisk argumentasjonsteknikk og kan dokumentere skriftleg arbeid på ein vitskapleg måte.
Jobbmuligheter
Årsstudium er ei kortare utdanning som kan nyttast som første år i eit lengre utdanningsløp, det kan også brukast til å komplettere tidlegare utdanning ved å spisse denne eller ved å gje større breidde. Årsstudiet er sett saman mellom anna for å gi ytterlegare undervisningskompetanse for tilsetting i skuleverket. Årsstudiet er i seg sjølv ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium.
Årsstudium i historie gjev kompetanse som er relevant for arbeid i fleire bransjar og sektorar: skole, offentleg administrasjon og forvaltning, museum og arkiv, internasjonalt arbeid, forlag/media, journalistikk, reiseliv og forsking.
Gradsnavn
IngenVidere studier
Årsstudium i historie kan inngå som eitt år i bachelorprogrammet i historie, det kan inngå som fag 2 i lektorutdanninga trinn 8–13 i språk og samfunnsfag eller som ei 60 studiepoeng eining i andre studieprogram.
Studieplan
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men på heile eller delar av valfrie enkeltemne kan undervisningsspråket vere engelsk. Eksamensspråk er normalt norsk, men kan også vere andre skandinaviske språk. Engelsk kan etter avtale nyttast som eksamensspråk.
Undervisning og eksamen
Undervisninga er forskingsbasert og tilpassa første året på bachelor, med ein kombinasjon av tradisjonelle fysiske førelesingar, nettbasert undervisning, omvendt klasserom, seminar og rettleiing. Undervisninga går som hovudregel gjennom heile semesteret, det vil seie at ein ein får undervisning i begge emna parallelt.
I studiet blir ulike læringsformer tatt i bruk. Sjølvstudium av pensum og fagstoff utgjer ein viktig del. Likeins individuelt arbeid med oppgåver og fagstoff, men også deltaking i gruppearbeid og kollokviegrupper. Gjennom ulike studentaktive læringsformer, der lesing, skriving og munnleg aktivitet inngår, utviklar vi den kritiske lesaren og den gode skribenten.
Studentane har gjennom heile studiet ein aktiv rolle i læringsprosessen gjennom opplæringsdelen tileignar dei seg kunnskap om historiefaget sin teori, metode og faghistorie.
Alle historieemna har obligatoriske arbeidskrav, skriftlege og/eller munnlege, desse må vere gjennomførte og godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen. Storparten av arbeidskrava er individuelle, men det kan også vere arbeidskrav som må løysast i gruppe. Studentane får tilbakemelding på arbeidskravs, saman med rettleiing stimulerer det til læring og er eksamensførebuande.
Eksamen blir vurdert ut frå ein karakterskala med seks trinn: A–F, der A er beste karakter og F er ikkje bestått. Ved ikkje bestått på eksamen blir det som regel gjeve tilbod om kontinuasjonseksamen i påfølgande semester.
Alle emne har sensorrettleiing til ekamen.