Elias Blix-utstilling opna ved UiT
I samband med 175-årsjubileet for Elias Blix opna denne veka vandreutstillinga Ordets sølvsmedkunstnar på Universitetet i Tromsø.
![]() |
| Teolog, historikar, bibelomsetjar og Blix-biograf Anders Aschim opna utstillinga Ordets sølvsmedkunstnar. Foto: Sigrun Høgetveit Berg |
Salmediktaren, målmannen, politikaren og bibelomsetjaren hadde svært formative år i Tromsø, hit han kom for å gå på Tromsø seminar i åra 1853 til 1855.
Difor meinte utstillingsopnaren, blixkjennar Anders Aschim, at utstillinga på mange vis har kome heim, når ho no står på Universitetet i Tromsø.
- Og i desse dagar kan ein ikkje unngå å tenkje på at ein av grunnane til at Blix kom til Tromsø, var for å lære samisk i denne byen, sa Aschim.
- Det var her han møtte landsmålet. Han fortel at han ein dag fekk låne Aasen sin nye grammatikk frå 1848, sat oppe heile natta og las boka - som ein roman - og då han på morgonkvisten var ferdig hadde han fått sjå sitt "heimemål i vitskapleg ljos". Frå den dagen var han overtydd målmann.
Noregs fremste salmediktar
No vart det ikkje slik - Elias Blix sitt livsløp tok ei heilt anna vending. Han reiste til Christiania for å studere, var aktiv i Nordlændingernes Forening, vart etterkvart professor i hebraisk og kyrkjeminister i Johan Sverdrup si venstreregjering frå 1884 til 1888. Han var av dei første som arbeidde med bibelomsetjing til landsmål, men det var og er først og fremst som salmediktar Blix blir hugsa og nytta.
|
|
| Professor Tove Bull snakka om målmannen Elias Blix under utstillingsopninga. Foto: Sigrun Høgetveit Berg |
- Einar Økland har sagt at å synge Blix-salmer er som å gå i eit par gode sko på ein smal veg, og eg meiner han framleis er vår fremste norske salmediktar. Svært mange av salmene hans er enno i bruk i dag - over heile landet, fortalde Aschim.
Ingen pågåande målmann
Blix var altså kyrkjeminister på 1880-talet og har på mange måtar fått æra for det såkalla "jamstellingsvedtaket" frå 1885 - der det nye landsmålet blir sidestilt med "det almindelige Skrift- og Bogsprog". Men han stod på ingen måte fremst i striden, fortalde professor Tove Bull, som snakka om målmannen Elias Blix under opninga.
- Han var korkje strategisk eller politisk i fremste rekke, men han var målmann god nok - og han hadde svært mykje å seia for utbreiinga av landsmålet, sidan han virka på så mange område. Han var, i motsetnad til Ivar Aasen, ikkje redd for å tidleg ta i bruk landsmålet i religiøse tekster, og det er ein treffande og fin karakteristikk når me seier at det var Elias Blix som kristna landsmålet, avslutta ho.
.jpg)
.jpg)


