Ny bok: Hva er nyreligiøsitet?

I Universitetsforlaget sin Hva er-serie, kjem no den første samla framstillinga på norsk om feltet nyreligiøsitet. Forfattar er Siv Ellen Kraft, professor ved Institutt for historie og religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 22.11.11 00:00 Oppdatert: 22.11.11 10:57

- Nyreligiøsitet er på mange måtar udefinerbart. "Ny" er jo ein relativ term, for alle religionar har vore nye ein gong, seier Siv Ellen Kraft. Ho har forska på temaet dei siste 10 åra.

SivEllenKraft2 (592x640).jpg
Siv Ellen Kraft har forska på nyreligiøsitet dei siste ti
åra og har kome med bok om emnet i
Hva er-serien.

Det uorganiserte religiøse feltet

- Men eg har valt å avgrense det nyreligiøse til å vera det uorganiserte feltet som rommar rørsler og straumdrag som kan karakteriserast som religiøse former, og som har vakse fram i den vestlege verda frå 1970-talet. Desse  står utanfor organiserte kyrkjesamfunn, men frå å ha vore marginale motkulturar på 70-talet, har det sidan slutten av 90-talet vorte ein ganske mainstream kulturstraum, meiner Kraft.

- Det har eit breitt nedslagsfelt og er ikkje berre noko sært.

Norsk empiri

- Mykje av forskingslitteraturen på dette området er frå USA, så for meg har det vore eit hovudpoeng med boka å hente empiri frå Noreg og skildre dette fenomenet i våre samfunn. Eit sentralt og synleg trekk ved norsk nyreligiøsitet er urfolksinnslaget - samisk nysjamanisme er vorte den norske varianten av interessa for dei nordamerikanske indianarane, som frå starten har prega dei nyreligiøse straumdraga, seier Kraft.

Kan ikkje frikoplast marknaden

Interessa for og populariteten til dei nyreligiøse retningane dei siste 40 åra kan ikkje forklarast utan å samstundes forstå den marknaden desse retningane har vakse fram saman med, seier Kraft.

- Gjennom kjøp og sal av ulike produkt, kurs, seminar og rettleiingstenester, kan ein få tilgang til nyreligiøse opplevingar. Det religiøse er meir og mindre vektlagt, og det er ofte svært uklare overgangar mellom det religiøse og det ein elles finn av ideologi kring individuell sjølvrealisering. På denne marknaden er det flytande grenser mellom truande og ikkje-truande, fortel Kraft.

- Men dei som trur, kva trur dei på?

- At alle har guddomeleg potensiale, men kvar enkelt må finne sin veg. Det finst visse fellesaksar dei fleste retningane orienterer seg rundt - mellom anna trua på at ein ikkje kan skilja kropp og sjel, og dei fleste har eit eller anna forhold til reinkarnasjon. Elles er hovudsaka for mange at det ikkje finst dogme, det er ingen fastlagde svar. Det er ingenting som regulerer eller legg restriksjonar i feltet - bortsett frå marknaden.

Kvinnedominert

Og nettopp det dogmefrie og fråværet av institusjonelle begrensingar meiner Kraft er ein viktig del av forklaringa på at det nyreligiøse feltet er svært kvinnedominert.

- Det er mange kvinnelege entreprenørar og gründerar i dette feltet. Dei fleste religionar har og har hatt formelle hinder for kvinner til å vera leiarar - dei har hatt roller som mødrer, hustruer og hjelparar. Nyreligiøsiteten manglar slike formelle hinder. Dette er fritt tilgjengeleg for alle og einkvar, og er forenleg med allmenne verdiar og ideal i seinmoderniteten. Der ligg noko av appellen, avsluttar Kraft.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 22.11.11 00:00 Oppdatert: 22.11.11 10:57
Vi anbefaler