Tromsøforskar har omsett delar av den nye Bibelen
Bibelen har no kome i ny omsetjing både på bokmål og nynorsk. Bibelforskar Kristin Joachimsen har arbeidd med fire av bøkene i det gamle testamentet - Esra, Nehemja, Ester og Jesaja.
Joachimsen er 1. amanuensis ved Institutt for historie og religionsvitskap. Ho har skrive doktoravhandling om Jesaja, og ho forskar no på bøkene etter Esra og Nehemja.
- Det har vore eit svært spennande og kjekt arbeid, fortel ho.
![]() |
| Kristin Joachimsen har omsett tre gamletestament- ariske bøker og vore teologisk konsulent på ei fjerde. Foto: Sigrun Høgetveit Berg |
Nærare kjeldetekstane
Dei nye bibletomsetjingane har vorte til over fleire år. Heile arbeidet vart starta i 2000, medan Joachimsen kom inn i 2006.
- Målet har vore å koma nærare dei hebraiske grunntekstane og den opprinnelege biletbruken. Den førre omsetjinga, frå 1978, var i mykje større grad ein tolka versjon, der dei gamle metaforane var gjevne moderne tolkingar. No er me attende til opphavet, på mange måtar - men i eit nytt og levande språk.
Fruktbart gruppearbeid
Kvar del av dei nye bibelomsetjingane har vorte til gjennom grundig gruppearbeid. I kvar gruppe har det vore ein primæromsetjar, ein teologisk konsulent, ein nynorskstilist og ein bokmålsstilist. Joachimsen har vore primæromsetjar på Esra, Nehemja og Ester, medan ho har vore teologisk konsulent på Jesaja. På hennar bøker har ho arbeidd med Oddryn Klyve, Jon Fosse, Jan Erik Rekdal og Hanne Ørstavik.
![]() |
| Hebraiskkunnige Joachimsen synest samarbeidet med skjønnlitterære forfattarar var spennande. Foto: Sigrun Høgetveit Berg |
- Og ikkje minst Anders Aschim, som har vore teologisk konsulent på dei bøkene eg omsette, og omsetjar på den boka eg var konsulent for, fortel Joachimsen.
Anders Aschim disputerte på ei doktoravhandling om Elias Blix ved Universitetet i Tromsø i fjor.
- For meg var arbeidet med dei to språka i gruppa vår veldig gjevande. Nynorsk og bokmål befrukta kvarandre - bokmålet vårt vart enklare ved å leggje oss tett på nynorsken. Men eg veit at i andre grupper var det fleire som streva etter meir avstand mellom språka. Det var godt å arbeide med Anders - han har vore uvurdeleg for heile bibelomsetjinga - med total oversikt over alle språkvala og stilane, avsluttar Joachimsen.
I tillegg til bokutgåvene finn ein den nye bibelomsetjinga på bibelen.no og i eigen versjon for mobiltelefonar.
.jpg)
.jpg)


