10 001 fornamn i nytt namneleksikon

Gulbrand Alhaug har skrevet Nordens største fornamnleksikon. - 10 001 skulle vera litt å velje i, sier han.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.10.11 00:00 Oppdatert: 26.10.11 14:21

Namn er mote. Namn er tradisjon. Namn er personleg. For dei fleste foreldre er det mange rundar med ulike omsyn og argument ein må gjennom, før avkommet får sitt identitetskjennemerke nummer 1; fornamn.

I den nye boka til Alhaug er det altså ein enormt materiale å leite i - både for komande foreldre og for dei som er generelt interesserte i namnehistorie og namnesosiologi. I leksikonet er det opplysningar om namnetyding og -opphav, om popularitet frå 1900 og framover, med døme på kjende personar, og om bruk i litteratur og poplærkultur.

GulbrandA2 (640x428).jpg
Gulbrand Alhaug med si nye bok 10 001 navn: norsk
fornavnleksikon. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

- Og om den første som har hatt namnet, viss me veit det. Til dømes er den første Signor me kjenner, typografen Signor Dahl, fødd 1882 i Tromsø, fortel namneforskar og professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø, Gulbrand Alhaug.

Uvurderlege Panorama

I det omfattande arbeidet har Alhaug hatt gode føredøme i utanlandske namneverk, og særleg då den tyske Vornamenbuch (i fire band) av Wilfried Seibicke. Han står òg i gjeld til andre norske namneforskarar, som Kristoffer Kruken, men det som først og fremst har gjort all statistikken i leksikonet mogeleg, er dataprogrammet Panorama.

- Ikkje eigentleg utvikla for namneforsking, men likevel strålande for mitt bruk, seier Alhaug.

Nye forklaringar

Mange av namna i det nordiske fellesområdet har svært gamalt opphav - somme går attende til urnordisk. Allereie Tacitus (romersk historikar, 56-120 e.Kr.) skreiv om Segimerus, som er ein latinsk versjon av vårt Sigmar. Det er ikkje belagt i norrønt, men i svenske runeinnskrifter, som er dei første kjeldene me har, fortel Alhaug, som også har rydda i ein del ulike namneforklaringar.

- Reginald blir i Oxford Dictionary forklara som ei avleiing av det latinske kvinnenamnet Regina, som tyder dronning. Men Vornamenbuch meiner det kjem av regin pluss vald, altså med tydinga 'råd' pluss 'herskar'. Og det er det same som vårt Ragnvald. Eitt anna artig døme er Thelma, som har vore hevda at er skapt av den engelske forfattaren Marie Corelli i romanen hennar "Thelma" frå 1887 - der Thelma er hennar norske heltinne. Men Thelma finn me i Trøndelag allereie i 1840: Thelma Tellevsdatter, som truleg er oppkalt etter far sin, Tellev.

Frå Bibel til populærkultur

Dei mange bibelnamna norske ungar, særleg gutar, har fått i dei siste åra, er ikkje eit resultat av noka religiøs vekking, meiner Alhaug, men, heller eit utslag av amerikansk påverknad.

- Bibelnamna kjem i nyare tid til Europa frå USA. Der har dei gjerne vore brukt etter religiøse førebilete, men her i Europa er dei omfortolka og brukt som populærkulturelle uttrykk, fortel Alhaug, og viser mellom anna til korleis fleire av namna blir skrivne med h til slutt, som Leah og Sarah.

- Går ein til Bibelen, er det ikkje slik det blir skrive. Me har jo ikkje h i utlyd, poengterer Alhaug.

Regionale skilnader

Sjølv om den sterkaste bibelnamntrenden no ser ut til å vera dalande, er det ein annan trend som er sterkare; dobbeltnamna er på kraftig retur.

- Det heng saman med at fleire og fleire i dag vel etternamna til både mor og far for borna sine, difor blir det for mykje med også to fornamn.

Den doble namngjevingsskikken ville truleg vist visse regionale utslag, sjølv om det er eit område Alhaug ikkje kjem systematisk inn på i leksikonet sitt.

- Det hadde vorte for omfattande, men det er mykje spennande regional variasjon. I Troms har me til dømes det mykje brukte Hansine (og Hansina), som i Hansine Hansen (1879-1944), kvinna som gav bort eigedomen som Universitetet i Tromsø fekk etablere seg på. Men eg har alt materialet liggjande, så det hadde vore moro å gå meir regionalt til verks i ein seinare publikasjon, seier han.

Kunne ønskje seg meir nylaging

I nasjonsbyggingstida frå 1850-talet og framover var det ein sterk tradisjon for nylaging av norske namn med norrøne for- og etterledd. Me fekk namn som Sigfinn, Sigdis og Sigtrygg. Men etter 1950 stoppa denne krativiteten heilt opp.

- Det hadde vore moro om fleire tok opp att denne tradisjonen, smiler Alhaug.

- Bak i leksikonet finst ei oversikt over kombinasjonar av forledd og etterledd - både av kombinasjonar som er tekne i bruk, og slike som er "ledige" nye namn, som til dømes Herveig og Ingdis, Dagstein og Vilmund. Så her kan foreldre som ønskjer heilt nye namn - i tradisjon - finne noko spennande, avsluttar han.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.10.11 00:00 Oppdatert: 26.10.11 14:21
Vi anbefaler