Populære nettstudium
HSL-fakultetet opplever stor interesse for dei seks ulike førstesemesterstudia som no er tilgjengelege på nett.
- Me har fleire tilbod, fleire søkjarar og kjem til å få fleire studentar på nettstudia våre. På nokre av faga er det omtrent like mange nettprogramsøkjarar som ordinære, campusbaserte bachelorprogramsøkjarar, seier Olav Skare, leiar ved seksjon for utdanningstenester på HSL-fakultetet.
- Men det er enno plass til fleire, restetorget er ope til 9. august, fortel han.
Seks studium
Ein kan studere seks ulike fagemne innan humaniora og samfunnsvitskap på nett; dokumentasjonsvitskap, historie, pedagogikk, sosiologi, språkvitskap og tysk. Desse kan ein anten ta enkeltvis eller kombinere med ex.phil og ex.fac., slik at ein kan fylle eit heilt semester og vera fulltids nettstudent. Om ein deretter vil halde fram og studere vidare, kan ein få overføring til ordinære bachelorprogram med undervisning på campus.
- Me arbeider med å utvikle fleire nettilbod i bachelorprogramma, seier Skare.
Stor gjennomføringsgrad
HSL-fakultetet tilbaud i fjor førstesemesteremne i dokumentasjonsvitskap, historie og sosologi på nett, og erfaringane er gode. Faglærarane kan fortelja om motiverte studentar og stor gjennomføringsgrad. Emna hadde ulike undervisningsopplegg, men felles for dei alle var at studentane måtte levere inn obligatoriske arbeid, som skulle godkjennast, gjennom heile semesteret for å få gå opp til eksamen. Det er ressurskrevjande emne for dei institutta som tilbyr nettstudium, og det krever kontinuerleg arbeid frå studentane si side, men det er tilbod som studentmarknaden etterspør.
- I fjor synte det seg at vel 1/3 av nettstudentane var reelle fjernstudentar - det vil seia at for desse ville ikkje det å studere på campus ha vore eit alternativ. Det syner også at me rekrutterer nasjonalt, og at me tek eit viktig steg på vegen i universitetet sin eigen strategi om å bli nasjonalt leiande på fleksibel utdanning, avsluttar Skare.



