Banebrytande taterforsking ved Universitetet i Tromsø

Historikar Anne Minken disputerte 26. mai på avhandlinga "Tatere i Norden før 1850", og dette er den første moderne forskingsoversikten over nordisk taterhistorie. Det er eit nybrottsarbeid, og er særleg interessant grunna det internasjonale komparative perspektivet som også blir lagt til grunn. - Minken har teke den norske taterforskinga eit stort og betydeleg skritt vidare, uttalte kommisjonen.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 27.05.11 00:00 Oppdatert: 01.06.11 14:43

Undertittelen på avhandlinga er "Sosio-økonomiske og etniske fortolkningsmodeller", og den sentrale problemstillinga er nettopp i kva grad taterane var oppfatta som etnisk gruppe eller om taternemninga berre var ei form for sosial kategorisering. Og svaret til Minken er at det har vore begge delar - men i ulik grad, til ulik tid og ikkje minst i ulike område.

I Noreg frå 1500-talet

- Dei første skriftlege kjeldene som omhandlar taterar i Noreg finn me tidleg på 1500-talet, og med det ser me den nordiske utløparen av sigøynarinnvandringa som kom til Vest-Europa frå tidleg 1400-tal. Termen 'sigøynar' blir aldri brukt korkje i norsk eller dansk lovverk i den perioden eg har behandla. I svensk lovverk blir både tater- og sigøynarnemninga brukte, men som synonym, fortel Minken.

Og nettopp mellom Sverige og Danmark-Noreg er det markante skilnader på 1700-talet. Medan taterane er ei synleg gruppe i Sverige hundreåret igjennom, blir nemninga 'tater' heilt borte frå dei danske og norske rettskjeldene frå ca 1740. Nett slik 'sigøynar' nærast blir borte frå tyske lover og forordningar på same tid. Og båe stader kjem dei inn att rundt 1835-40.

'Tater' borte frå kjeldene

- I Norden meiner eg dette har å gjera med  endring i lovverk og praksis. I Danmark-Noreg er det Christian 5. lov frå 1687 som gjeld gjennom heile 1700-talet, og der er straffa for omstreifarar deportasjon. Dette var både dyrt, tid- og arbeidskrevjande og lite effektivt, og difor brukar statsmakta diverse omgåings- og unngåingsstrategiar. Ved å la vera å bruke ordet 'tater, treng dei heller ikkje å bruke lovparagrafane som hadde ført til deportasjonsstraffar. I Sverige, derimot, blir lovene fornya og omstreifing ikkje straffa så hardt, og dermed ser me taterane også i rettskjeldene. Parallellen mellom Danmark, Noreg og dei tyske statane er svært interessant, men det har eg ikkje fått gått djupare inn i forklaringane på, så det må det forskast meir på, seier Minken.

 

Minken&Niemi2.jpg

Anne Minken og rettleiar Einar Niemi

Samtidsrelevans

I tillegg til å vera eit nybrottsarbeid innan taterforskinga, trekkjer også kommisjonen fram at avhandlinga er ein spennande og viktig kommentar til internasjonal nasjonalismeforsking, noko Minkens rettleiar, Einar Niemi, er samd i:

- Arbeidet tek opp brennaktuelle spørsmål om kategorisering og identitet. Kategoriar er ikkje tilfeldige eller objektive, dei er også poltiske, også i dag. Kven som høyrer til i ei gruppe - og får lov til å høyre til - er ikkje berre eit historisk spørsmål. Også i dag opererer mange med ei forståing av at identitetar er meir eller mindre "ekte" eller "falske". Minken har drøfta desse problemstillingane - som går på tvers av tid og rom - svært grundig, seier Niemi.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 27.05.11 00:00 Oppdatert: 01.06.11 14:43
Vi anbefaler