Universet sin mann

8. mars fyller heile Universitetet og universet sin mann, Ole Danbolt Mjøs, 70 år. Noko pensjonistkvardag på full tid er likevel langt unna. No blir han professor emeritus ved Det medisinske fakultet med helse og fred som fokus.
Wærås, Torgunn
Publisert: 06.03.09 00:00 Oppdatert: 06.03.09 13:24

 
Mjøs på forside Housecalls


– Sjå her. Dette er moro, altså. Aldri har eit intervju med meg blitt publisert over så mange sider som i dette indiske magasinet Housecalls. La oss telle – 1, 2, 3....17 sider! Dei kom einaste ærend frå New Delhi til Tromsø for å intervjue meg.

Sjølvsagt er det ikkje slik å forstå at helse og fred er noko nytt tema, for denne karen har hatt fokus på desse felta i mange år. Ja, kanskje heile livet, viss ein ser litt stort på det. Han er kjent som eit medmenneske med hjartet på rette staden.

Eller som tidlegare biskop Ola Steinholt har formulert det: Ein jordnær entusiast med eit varm hjarte og eit levande engasjement.

Fargerik, initiativrik, inspirerande, kreativ, målbevisst, omsorgsfull og utradisjonell er omgrep som er knytt til Mjøs. Han er ein venleg person med skarp hukommelse, og han er særs god til å helse og gi merksemd til folk som han kanskje berre har treft ein gong før. Noko han og er kjent for, er omsorg overfor alle, uteliggarar og alkoholikarar inkludert.

Feiringa i gang

Bursdagen er nært føreståande, og feiringa er i gang. 70-åringen hadde fest med vener og familie allereie førre helg. Denne veka blir han heidra av Universitetet med eit eige symposium som ber titelen Heartbeat of the North. Her kjem kollegaer frå fleire verdshjørne for å hylle hjarteforskaren og mennesket Ole D. Mjøs.

– Dei 35 åra eg har vore ved Universitetet og alt eg har fått vere med på, har jo vore som ein fest for meg frå byrjing til slutt, oppsummerar jubilanten.

– Og eg har alltid fått veldig god støtte frå kona mi, Kari, og dei tre ungane våre og familien elles, er han snar å legge til, mannen som tidlegare har sagt at dei største kraftkjeldene han har er familien og kyrkja.

Brennande hjarte

– Du kunne ha valt å bli pensjonist for mange år sidan. I staden har du som 70-åring søkt om og fått status som professor emeritus. Kvifor?

– No har eg vore ved Universitetet presis halve livet, og eg brenn framleis. Eg har eit stort samfunns- og politisk engasjement slik eg alltid har hatt det. Sjølv om eg fyller 70, er det mange ting eg har lyst til å jobbe vidare med, svarer Mjøs.

Som emeritus skal han bruke si tid til å profilere og vere styreleiar for Senter for fredsstudiar ved UiT. Han har vore styreleiar heilt sidan senteret blei oppretta i 2002, med Mjøs som ein av pådrivarane. Han vil bruke tida si på helse og fred, og mellom anna bidra i det vidare arbeidet med å utvide studietilbodet innan fredsmedisin. Hjartesaker framover er også å få etablert ein internasjonal klimapris som skal delast ut i Tromsø og få reist ein statue av Nelson Mandela i same by.

Universitetet som ankerpunkt

– Det blir ein markert overgang 1. april, når eg blir emeritus. Da blir eg meir fristilt. Ja, no vil vel sikkert mange seie at eg har vore fristilt heile tida, he, he, men forskjellen er i alle fall at eg ikkje har nokon plikter og ikkje vil få løn. Eg kan styre alt sjølv, komme og gå som eg vil. Det blir likevel fint framleis å ha Universitetet i Tromsø som ankerpunkt, seier jubilanten.

 
Mjøs på feriested
- Far min var frå Hosanger på Osterøy ein times biltur nord for Bergen. Her har me feriestaden vår, og slik ser det ut nedanfor huset vårt der. Foto: privat

– Og det går fint an å kombinere det å vere pensjonist med statusen som professor emeritus. No blir det lengre opphald enn før på feriestaden vår som ligg i Hosanger på Osterøy. Eg vil også dra andre stader i Noreg og utlandet. Kanskje kan eg kombinere reiser med å halde foredrag, legg han til.

Nokre reiser er allereie planlagt. I april drar han til Sør-Afrika og i mai blir det USA-tur saman med ektefellen.

Å skrive om Ole D. Mjøs er ei utfordring. Han har gjort så mykje, den mannen. CV-en er så innhaldsrik med alle roller, styreverv og utmerkingar at det er best om du les han i fulltekst sjølv.

Noko som ikkje går fram av CV-en, er at han blei spurt om å bli utdannings- og forskingsminister i Syse-regjeringa i 1989, men takka nei av omsyn til seg sjølv og familien. Nei sa han også til å stille som nummer 1 på Troms kristelige folkepartis liste, og dermed sa han også nei til å bli representant på Stortinget. I CV-en står det heller ikkje noko om at han fekk hjarteinfarkt for 14 år sidan og var nær ved å døy. Takka vere ein bypassoperasjon bankar hjartet hans framleis – til glede både for han sjølv og andre.

Mjøs om kvinnedagen

Han blei født i Bergen 8. mars 1939, og såg sitt første dagslys på kvinnedagen. Det vil seie, sjølv har han ei litt anna vinkling.

– Eg er glad for at dei tok dagen min til kvinnedag. Av alle dagane dei kunne velje i eit år, valte dei min dag, og det er aldeles glimrande. Noko av det siste eg gjorde som rektor ved Universitetet, var å medverke til å få etablert Kvinnforsk (Senter for kvinneforsking og kvinner i forsking), seier Mjøs, som føler han i alle fall har gitt eit visst bidrag i anledning kvinnedagen.

Ole D. Mjøs har legeutdanning frå Universitetet i Bergen og doktorgrad frå Ullevål sjukehus i eksperimentell, medisinsk hjarteforsking. Han vart tilsett ved UiT i 1974 som dosent og seinare som professor i medisinsk fysiologi. I 1983 vart han valt til dekan ved fakultetet, seinare prorektor for Universitetet og så rektor til han gikk av i 1995.

Farvel til toppforskinga

I alle år fram til no, unntatt dei seks åra han var rektor, har han undervist studentar. Men å kome tilbake til forskinga etter å ha vore borte frå faget i 12 år som dekan, prorektor og rektor, vart vanskeleg. Om lag 100 internasjonale, medisinske publikasjonar med tema om hjartet sin funksjon, stoffskifte, hjarteinfarkt, hjartesvikt og kolesterol var han med på å gi ut i dei åra han forska for fullt.

– Eg prøvde jo å oppdatere meg gjennom dei to sabbatsåra eg hadde etter rektorperioden, men klarte ikkje å kome på same nivå som før. Med så langt avbrot skal det mykje til for å klare det. Da eg stilte til val for sentrale verv ved Universitetet, var eg også budd på visse kostnader ved det. Ein av kostnadane var at det ikkje ville vere mogleg å komme attende i same gir som før innan forskinga.

– Alle har sitt topp-punkt som forskar, og mitt var passert. Eg kunne trøste meg med at eg hadde fått vere med å byggje opp eit fagmiljø innan medisinsk fysiologi, og at det var ei god gruppe der som berga seg godt utan meg. Nokre menneskje er vigd til forsking heile livet. For meg vart det ein ny epoke med anna fokus enn forsking då eg gikk inn i universitetspolitikken, legg han til

– Eg vil gi ein varm takk til alle medarbeidarane mine ved Avdeling for medisinsk fysiologi for flott innsats og samarbeid i mange år. Og ein særleg takk går til professorane Kirsti Ytrehus og Terje Larsen for deira store vitskapelege innsats.

 
Mjøs som rektor
Ole D. Mjøs var rektor ved Universitetet i Tromsø 1989-1995, og dette biletet er frå rektorperioden. Foto: Bjørn-Kåre Iversen

For Universitetet, landet, verda

Lite forsking har det altså blitt dei siste 10-15 åra. I staden har han hatt fulle arbeidsdagar på andre måtar for Universitetet, for landet og for verda.

For å nemne noko har han vore leiar for Universitetsrådet sitt utval for utviklingsrelatert forsking og utdanning, medlem av verdikommisjonen, medlem av regjeringa sitt utval for nedrusting og sikkerheit, leiar for regjeringa sitt utval for høgare utdanning i Noreg etter år 2000 (Mjøs-utvalet),  leiar av Rådet for psykisk helse, leiar av Den Norske Nobelkomitén og medlem i Nobelstiftelsen sitt styre. Han har vore og er framleis medlem i representantskapet for Oslosenteret for fred og menneskerettar og medlem i komiteen for studentane sin fredspris.

Han har altså bevega seg frå universitetspolitikk til eit stadig større engasjement innan helse, fred og menneskerettar.

– Eit stort privilegium

Som leiar av Den Norske Nobelkomiteen 2003-2008, hadde han eit stort internasjonalt publikum når han ein gong i året delte ut fredsprisen. Aldri før har vel så mange på same tid rundt om på jorda fått høyre klingande nynorsk.

– Det er eit stort privilegium å ha fått lov til å leie komiteen bak den mest prestisjefylte prisen i heile verda, slår Mjøs fast.

Shirin Ebadi, Wangari Maathai, Mohamed El Baradei, Muhammad Yunus, Al Gore og Martti Ahtisaari, alle har dei fått fredsprisen overrekt av Ole D. Mjøs.

Gjennom 70 år har han fått møte så mange og opplevd så mykje. Likevel nølar han ikkje eit sekund ein gong når han blir spurt om kva eller kven som har gjort aller mest inntrykk på han.

– Det er Desmond Tutu og den kontakten me fekk etablert, kjem det kontant.

Kampen mot apartheid

På 80-talet var det mykje aktivitet ved Universitetet mot apartheid, og UiT var med på den akademiske boikotten av Sør-Afrika. Da apartheidregimet vart styrta, foreslo Mjøs som rektor at UiT måtte få til eit akademisk samarbeid med landet. Det lukkast.

I 1991 var alle tidlegare fredsprisvinnarar samla i Oslo. Tutu var ein av dei.

– Da fekk me moglegheit til å invitere ein av dei fremste i kampen mot apartheid til Tromsø. Tutu talte både ved Universitetet og i Ishavskatedralen. Eg foreslo seinare at han skulle bli æresdoktor, noko han vart i 1994. Sidan har han vore i Tromsø fleire gonger. Mellom anna da Gandhi-bysten blei flytta til UiT.

I 1992 reiste Ole D. Mjøs til Sør-Afrika og trefte Nelson Mandela for første gong, før han blei president. Sidan har han treft han fleire gonger, også da Mandela var i Tromsø.

– Sør-Afrika og kampen mot apartheid har betydd veldig mykje for meg. Det har også vore ein symbolting som eg har følt har vore sterk. Topp greier, seier Mjøs.

Høgdepunkta frå UiT

Med eit intervjuobjekt som har vore tilsett 35 år ved UiT, er det eit spørsmål som trenger seg på. Kva har vore dei største høgdepunkta i tida ved Universitetet?

– Det har først og fremst vore å få lov til å vere med og byggje opp hjarteforskingsgruppa ved Universitetet. Så var det at eg som UiT-rektor saman med fleire andre vant den fire år lange kampen om å få flytta Norsk Polarinstitutt til Tromsø - ei flytting som seinare er blitt skildra som den mest suksessrike flyttinga av ein statsinstitusjon nokon gong her i landet. Å få vere i Stortinget da dette vedtaket blei gjort, var stort!

– Ein tredje ting var det grepet me gjorde da me valte ikkje å lukke studia våre slik dei andre universiteta gjorde rundt 1990. På få år auka studenttalet frå om lag 2000 til rundt 6500. Det var nok eit svært viktig og riktig strategisk val me gjorde da. Noko eg og er veldig stolt av, er at eg fekk utnemnt Arthur Arntzen til professor i flirosofi. Sjeldan har ei utnemning fått så stor merksemd. Og sist, men ikkje minst, var det arbeidet med å få etablert religionsvitskap og få presteutdanning i Tromsø. Viss eg ikkje hadde fått til det, ville eg vurdert å ha gått av som rektor, fortel Ole D. Mjøs.

Never give up

– Kva for livsmotto har du?

– Å aldri gi opp. Never give up. Eit nei er eit førebels ja. Livet har lært meg at ein må bruke tid, men aldri gi opp. Slik var det til dømes både i kampen om å flytte Norsk Polarinstitutt til Tromsø og å få etablert religionsvitskap som fag ved Universitetet. Korleis det no går med kampen for klimapris og statue av Mandela veit eg ikkje, men eg har ikkje tenkt å gi meg. Eit nei er eit førebels ja!

 

På tampen:

– Kva gjer du helst når du skal slappe av?
– Eg les, vaskar opp,  kviler middag og går tur.


– Kva er favorittstaden din ved UiT?
– Kontoret mitt i MH-bygget.


– Kva spis og drikk du helst?
– Kona mi er ein kunstnar med mat. Alt ho lagar til er topp! Som avhaldsperson går det nok mest i Mozell og Cola - passe kjedeleg!

– Korleis vil vennene dine skildre deg?
– Det overlet eg til vennene mine å svare på.

– Kva hadde du lyst til å bli som vaksen da du var liten?
– Eg var interessert i gardsarbeid og tenkte på å gå på Landbrukshøgskolen på Ås. Men det blei medisin, og det har eg aldri angra på

– Du har fått mange prisar og utmerkingar opp gjennom åra. Kva for ein av disse betyr mest for deg?
– Eg må nok seie Kommandør av St. Olavs orden – ei påskjønning frå sjølvaste Kongen.


 Mjøs på eget kontor 2009

Ole D. Mjøs sin yndlingsstad på campus: kontoret. Når han blir professor emeritus 1. april, får han eit nytt kontor. Det blir ein del å flytte på. Foto: Bjørn-Kåre Iversen

 

Les meir:

CV-en til Ole Danbolt Mjøs

Kongelig orden for Ole (Tromsøflaket nr. 1 1997)

Polarstatuetten til Ole D. Mjøs (Tromsøflaket nr. 10 1996)

Med hjartet på rette staden (uit.no)

Program - symposium for Ole D. Mjøs 6. mars

Wærås, Torgunn
Publisert: 06.03.09 00:00 Oppdatert: 06.03.09 13:24
Vi anbefaler