Astrid Hovden
De 50 siste resultatene fra Cristin vises på siden. Se alle arbeider i Cristin her →
Forskningsinteresser
Pågåande forsking:
Eg forskar på klimatilpassing i Himalaya, som del av NFR-prosjektet Himalayan Connections: Melting Glaciers, Sacred Landscapes and Mobile Technologies in a Changing Climate (HimalConnect). Prosjektet undersøker kunnskap om miljøforvaltning og handlingsstrategiar i møte med naturkatastrofar og klimaendringar i buddhistiske samfunn i Himalaya.
Limi i Nepal og Punakha i Bhutan har dei siste åra blitt utsatt for klimarelaterte katastrofar som flaum frå smeltande isbrear (eng. GLOF) og jordskred, samtidig som samfunna også får ny infrastruktur, telefonforbindelse og nye former for styresett. Prosjektgruppa skal produsere samanliknande analyser av tilpassing til klimaendringar i Himalaya, samt bidra til å utvikle metodologi for korleis kunnskap om lokal miljøforvaltning kan oppskalerast og nyttiggjerast av beslutningstakarar på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.
Andre forskingsinteresser:
- Buddhisme
- Klimatilpassing i Himalaya
- Religion og økonomi
- Reilgion og politikk
- Indigenitet
- Sosialhistorie
- Tibet- og Himalayastudier
Undervisning
Eg underviser på føgjande emne:
REL-1025 South Asian religions
REL-1027 Religion, natur og klima
REL-1050 Teori og metode I
REL-2005 Religionsvitenskapens faghistorie
REL-2020 Fordypning i religionsvitenskap
REL-2050 Teori og metode II
I tillegg er eg rettleiar for BA og MA-studentar