Skal forske på digital mobbing
Ny teknologi og nye media skapar nye sosiale relasjonar. Og digitale relasjonar - som digital mobbing. Dette er det forska lite på, men no startar forskingsprosjektet Trivsel i Tromsø som skal bøte på nettop dét.
Fagleg prosjektleiar, professor John A. Rønning, rektor Grete Ollila og universitetslektor Geir Olaf Pettersen skal forske på digital mobbing i skolen. Foto: Sigrun Høgetveit Berg. |
Trivsel i Tromsø skal utforske sosiale relasjonar mellom elevar i barne- og ungdonmsskolen i Tromsø. Meir spesifikt vil studien undersøkje mønster i sosial åtferd mellom elevane - som til dømes mobbing. Den første delen av prosjektet er om digital mobbing, og forskarane startar på og med Storelva skole.
Mobbeforsking er relativt nytt
- Det er ingen kontekst som er så avgjerande viktig for den vidare utviklinga vår, som skolen. Men forskinga på mobbing er faktisk relativt ny - dei første studiane kom på slutten av 60-talet. Sidan har forskinga utvikla både kategoriar og definisjonar, men det er framleis stor usemje om både omgrepet og fenomenet mobbing, fortel fagleg leiar for Trivsel i Tromsø, professor John A. Rønning, ved Institutt for klinisk medisin. Rønning arbeider også på barneavdelinga på UNN.
Under lanseringa av forskingsprosjektet synte Rønning til ulike mobbestudiar dei siste 40 åra, og eitt av dei klare funna er at medelevar veit når det blir mobba og kven som mobbar. Dei fleste syns ikkje det er greit, men dei seier heller ikkje frå.
- Og når det ikkje blir rapportert eller regaert på mobbing, sender det ut ei melding om at det er ok, understreka Rønning.
- For å få gjort noko med mobbing må me bli samde om kva det er for noko, kva som skal skje når det blir mobba, me må ha jamleg kartlegging og me må utvikle ein skulekultur som reagerer når det blir mobba, oppsummerte han.
Digital mobbing skapar nye forskingsspørsmål
- Medieoppslaga om digital mobbing er etterkvart mange og hyppige, men me har lite forsking på dette enno. Til dømes er Facebook si seks-sjuårige historie ørliten i høve til det me elles ser på når me studerer kulturelle utviklingstrekk. Men det me veit er at det stiller oss overfor mange nye spørsmål og utfordringar i høve til det me kan kalle tradisjonell mobbing, sa universitetslektor Geir Olaf Pettersen.
- Digital mobbing er tidsuavhengig, det kan skje døgnet rundt. Det skjer ofte anonymt, det skjer frå heimen i staden for på skolen - og eit bilete eller ein video kan vera nok.
- Me vil prøve finne ut omfanget av dette - og korvidt digital mobbing skjer i staden for eller i tillegg til vanleg mobbing. I det større vil me sjå på den mentale helsa til ungane i tromsøskolen, og kva slags samanhengar det er mellom trivsel og faglege prestasjonar, sa Pettersen.
Første store forskingsprosjekt i universitetsskolesamarbeidet
Trivsel i Tromsø er knytt til det nyetablerte Senter for framifrå utdanning og er det første store forskingsprosjektet som blir sett i gang etter at Tromsø fekk sine seks universitetsskolar - eit samarbeid mellom Universitetet i Tromsø og Tromsø kommune. Målet er å knyte forskar, student og skule saman i ein trekant som styrkar og utviklar alle partar.
- Lærarane våre er svært begeistra for å vera universitetsskole, seier rektor ved Storelva skole, Grete Ollila. Foto: Sigrun Høgetveit Berg |
- Me ville gjerne bli universitetsskole for å koma i tettare samarbeid med forskarar - og bli forska på. Lærarane våre er svært begeistra for heile prosjektet, fortel rektor ved Storelva skole, Grete Ollila.
- Og me har erfaring med digital mobbing! Me har jobba med det lenge, og har slite med å finne råd og rettleiing om problematikken. Me ønskjer oss kunnskap - ikkje minst om korleis me kan arbeide med førebygging - så for oss er dette høgst relevant. Og me har allereie erfart at berre det å vera med i planleggingsfasen av dette forskingsprosjektet har ført til refleksjon og dialog oss imellom om problematikken, sa Ollila.
Les også: