Haust
2020
NOR-1011 Moderne språkstruktur - 10 stp
Innhald
Emnet gjev eit oversyn over den fonologiske strukturen og ei grundig innføring i morfologi og syntaks i moderne norsk, i nokon monn også grunnleggande strukturelle skilnader mellom norsk og andre nordiske språk. Studiet av morfologi er først og fremst knytt til bøyingssystema i bokmål og nynorsk. I tillegg skal studentane ha noko kjennskap til ordlaging i norsk. I syntaks lærer ein grunnleggande setningsanalyse.Kva lærer du
Etter greidd eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar:
Studenten har:
- grundige kunnskapar om moderne norsk morfologi og syntaks, i nokon monn også svensk og dansk språkstruktur
Ferdigheiter:
Studenten kan:
- analysere moderne norsk - i nokon monn også svensk og dansk - morfologi og syntaks i samsvar med teoriar og metodar som emnet byggjer på
Undervisning
Undervisninga er i form av forelesningar, seminar og øvingar, ca. 52 timar. Sjå timeplan for meir detaljert informasjon om tidspunkt for undervisning.
Kvalitetssikring:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.
Eksamen
Arbeidskrav:
Følgjande arbeidskrav må vere godkjent før ein kan framstille seg for eksamen:
- ei obligatorisk skriftleg oppgåve. Målform: nynorsk.
Alle skriftlege arbeid er baserte på følgjande standard: Time New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.
Eksamen består av:
- Skuleeksamen på 6 timar. Eksamensspråket er bokmål. Ingen tillatne hjelpemiddel. Ved alle eksamenar i nordisk vert rett og god språkføring vektlag.
Vurderingsuttrykk:
Bokstavkarakterar:
Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar A-F, der F er ikkje greidd.
Kontinuasjonseksamen:
Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar på emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. august for emne som vert gitt i vårsemesteret.
- Om emnet
- Studiested: Tromsø |
- Studiepoeng: 10
- Emnekode: NOR-1011
- Ansvarlig enhet
- Institutt for språk og kultur
- Undersider
- Kontaktpersoner
-
-
Line Nilsen Sandanger
Studiekonsulent (allmenn litteratur, nordisk, fellesemner)
Telefon: +4777645649 line.nilsen.sandanger@uit.no