høst 2020
VID-6312 Matematikk lærerspesialist, del 3 - Læring og kartlegging i geometri, måling, statistikk og koding - 15 stp

Søknadsfrist

Søknadsfrist 01.03 på Utdanningsdirektoratets nettsider

Når man har fått godkjent søknaden av Utdanningsdirektoratet må man registrere seg på EVU-web innen midten av mai.


Emnetype

Vidareutdanning på masternivå retta mot lærarar i grunnskolen. 

Emnet er ein del av lærarspesialistutdanninga i matematikk.   Emnet kan ikkje takast som enkeltemne 


Opptakskrav

  • Fullført lærarutdanning eller tilsvarande utdanning som kvalifiserer til arbeid i grunnskolen. 
  • Minst 60 studiepoeng i matematikk/matematikkdidaktikk. 

Deltakarane må være i eit tilsettingsforhold i grunnskolen, som tillater at deltakaren kan prøve ut pedagogiske opplegg i eiga klasse. UiT vil ikkje kreve dokumentasjon på tilsettingsforholdet, men dette er ein forutsetning for at studentane kan gjennomføre sine arbeidskrav.   


Innhold

I matematikk er det heilt egne utfordringar innanfor kvart emne, knytt til korleis ein lærer og underviser. Dette emnet skal fokusere på læring og kartlegging i emna geometri, måling, statistikk og koding. Læring handlar forsking på korleis elevane lærer dei ulike emna. Fokus vil bli delt mellom elevar med stort lærings-potensiale, normal-elevar, og elevar med matematikkvanskar. Kartlegging vil handle om å bruke ulike verktøy for kartlegging og ta med kartleggingar frå eiga klasse til undervisninga.  

Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbytte: 

Kunnskap: Studenten har kunnskap om: 

  • matematisk kompetanse 
  • summativ og formativ vurdering 
  • ulike kartleggingsverktøy 
  • forsking på elevar si læring innanfor  
  • geometri 
  • måling 
  • statistikk 
  • koding 

Ferdigheter: Studenten kan: 

  • undervise på ulike måtar for å oppnå ulike kompetansar 
  • gjennomføre målretta kartlegging av ulike kompetansar og av ulike matematiske tema 
  • bruke ulike typar undervisning (formativ, samtaletrekk, normer) i eiga undervisning 

Kompetanse 

  • kunne rettleie kollegaer innanfor undervisning i geometri, måling, statistikk og koding på sitt trinn (barnetrinn, mellomtrinn, eller ungdomstrinn) 
  • kunne utvikle og systematisere kartlegging i eiga klasse og på eige trinn, med fokus på ulike kompetansar og ulike matematiske tema 


Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Undervisning

Emnet er samlingsbasert. Undervisninga blir ei blanding av forelesingar, gruppearbeid med refleksjonar rundt pensum, og rapportering frå utprøving i eiga klasse.  

Emnet evalueres muntlig eller skriftlig etter første gjennomføring, og minimum en gang hvert tredje år. 


Eksamen

Arbeidskrav:

Følgande arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før ein kan ta eksamen: 

  • 70 % deltaking på undervisning 
  • Vise fram kartlegging av eigne elevar med fokus på ulike kompetansar og ulike matematiske tema 
  • Rapportere frå rettleiing av kollegaer innanfor formativ vurdering, undervisning i tal og algebra, og kartlegging 

Eksamen består av:   Presentasjon av  

  • plan for læring innanfor eit tema (av geometri, måling, statistikk, koding) på eige trinn (barnetrinn, mellomtrinn, ungdomstrinn), inkludert plan for kartlegging.  
  • rapport frå gjennomført rettleiing av kollegaer innanfor undervisning og kartlegging av eit anna tema (av geometri, måling, statistikk, koding, men ikkje det same som i pkt over) 

 

Presentasjonen skal være for med-studentar, med korte oppfølgingsspørsmål. Individuell presentasjon på 20 minutt eller presentasjon i par på 30 minutt. 

Eksamen vert vurdert med bokstavkarakter A-F, der F er ikkje bestått. 

Ved karakter F/ikkje bestått eller gyldig forfall får ein tilbod om kontinuasjonseksamen påfølgande semester. Frist for å melde seg til kontinuasjonseksamen er 15. januar for eksamen i haustsemesteret og 15. august for eksamen i vårsemesteret. 


  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 15
  • Emnekode: VID-6312
  • Tidligere år og semester for dette emnet