Ordensreglar ved eksamen
Generelle ordensreglar
Oppmøte
Du må møte opp minimum 30 minutt før, og skal sitje på plassen din seinast 15 minutt før eksamen begynner.
Eksamensplassen
Eksamensplassane som skal brukast er merka med skilt og ordensreglar er lagt ut. Har du fått innvilga individuell tilrettelegging får du eigen plass som er merka med namn. Du har berre lov å ha dette på eksamenspulten:
- Mat og drikke
- PC (ikkje tillate på papireksamen)
- Skrivesaker
- Legitimasjon
- Eventuelle lovlege hjelpemiddel
Yttertøy, bagasje og personlege eigedelar
Eksamensvaktene vil vise kvar yttertøy, bagasje og personlege eigedelar skal liggje. Dette skal leggjast der:
- Alt yttertøy og bagasje
- Mobiltelefon og anna kommunikasjonsutstyr. Det skal vera avslått.
- Armbandsur – både digitalt og analogt
- Alle gjenstandar som ikkje er lov å ha på eksamensplassen
Mobiltelefon og anna kommunikasjonsutstyr er ikkje tillate på eksamen. Har du med deg kommunikasjonsutstyr, må du skru det av og leggje det saman med yttertøy og bagasje.
Armbandsur er ikkje tillate på eksamen. Dette inkluderer analoge armbandsur. Har du på deg armbandsur, må du ta det av og leggje det saman med yttertøy og bagasje.
Hjelpemiddel til eksamen
Det skal stå på eksamensoppgåva kva som er lovlege hjelpemiddel. Dersom det ikkje står noko om hjelpemiddel på framsida av eksamensoppgåva, er ingen hjelpemiddel tillatne.
Dersom du blir tatt med hjelpemiddel som ikkje er gitt opp i eksamensoppgåva, blir dette sett som forsøk på fusk.
Legitimasjon
Ha legitimasjonen klar på pulten. Dersom du ikkje kan vise gyldig legitimasjon, vil du bli vist bort frå eksamen.
Toalettbesøk
Ved toalettbesøk skal vakta vise deg kva toalett som skal brukast.
Pausar
Pausar bør ikkje vara lenger enn 10 minutt om gangen. (Dersom du har fått innvilga kviletid gjeld ikkje dette for deg). Kandidatar som har pause samtidig, skal ikkje på nokon måte kommunisere med kvarandre. Det er ikkje lov å gå på kiosk/butikk i pausen. Dersom du tek pausen utanfor bygget der eksamen er, må du halde deg nær ytterdøra. Du skal ikkje ha tilgang til aviser, anna skriftleg materiale, eller elektronisk utstyr i pausar.
Branninstruks for eksamenslokalet
Viss brannalarm vert utløyst skal alle i eksamenslokalet forlate lokalet saman, og vente nærare melding. Oppmøte skal skje på oppstillingsplass.
Avvikling av skriftleg eksamen kan som hovudregel ikkje halda fram, og eksamensavviklingen vert avbrote. Eksamenen vert annullert. Dersom det er sannsynleggjort at studentane ikkje har hatt høve til å snakka saman om eksamensoppgåva utanfor eksamensvaktenes tilsyn i løpet av evakueringa, kan eksamen likevel halda fram. Avvikling av munnleg eller praktisk eksamen kan eventuelt halda fram etter at evakueringa er over.
Trekk under eksamen
Dersom du ønsker å trekke deg frå eksamen, må du fylle ut skjemaet «Trekk under eksamen». Dette må gjerast også om grunnen til trekk er sjukdom. I det siste tilfellet må du levere legeerklæring til eksamensansvarleg fakultet innan to døgn dersom du ønsker rett til å ta utsett eksamen.
Leverer du blankt svar blir det rekna som trekk.
Har du trekt deg frå eksamen eller levert svaret tidlig, kan du ikkje forlate eksamenslokalet før tidlegast 1 time etter at eksamen har begynt (karantenetid).
Når du har levert eksamen
Du må forlate eksamenslokalet straks etter at eksamenssvaret er levert, eventuelt straks etter karantenetida på l time. Hald deg roleg etter å ha levert eksamen, og forlat eksamenslokalet utan unødig støy. Vent med å snakke med medstudentar til etter at du har forlate lokalet.
Gjennomføring av eksamen
Digital eksamen
Skru på PC-en din og logg deg inn i det digitale eksamenssystemet straks du har komme. Eksamensoppgåva blir tilgjengeleg i eksamenssystemet presis ved eksamensstart. Eksamenssystemet merkjer automatisk svaret ditt med kandidatnummer. Like etter eksamensstart startar registrering av kandidatane. Du må legitimere deg, og signere på ei eksamenskandidatliste for frammøtet.
Når eksamenstida er ute vil det ikkje lenger vere mogeleg å fortsetja å skrive på svaret ditt. Du vil heile tida kunne sjå i eksamenssystemet kor lang tid som er att. Innlevering av eksamen i eksamenssystemet skal kontrollerast av eksamensvakt før du kan forlate lokalet.
Papireksamen
Eksamensoppgåvene blir delt ut presis ved eksamensstart. Omslag med innføringspapir (eksamensark) og kladd blir også delt ut. Like etterpå startar registrering av kandidatane. Du må legitimere deg, signere på ei eksamenskandidatliste for frammøtet og du får samtidig tildelt ditt kandidatnummer som skal førast på omslagsarket.
Eksamensvaktene opplyser om at eksamenstida er ute. Du får då tildelt 15 minuttar ekstra tid, for utfylling av toppteksten på alle ark i svaret pluss omslagsarket – dei 15 ekstra minutta kan BERRE brukast til dette. Toppteksten som skal førast på kvart ark er kandidatnummer, dato, sidetal og emnekode. Du skal ikkje skrive namnet ditt på svaret. Du kan berre levere inn heile ark. Du rettar sidetal ved å stryke over feil sidetal og tydeleg føre opp det korrekte talet ved sida av.
Det er ditt eige ansvar å ha eksamenssvaret klart til innlevering når dei 15 minutta er ute. Eksamensvaktene har med andre ord ikkje ansvar for å klargjere/nummerere eksamenssvaret dersom du ikkje har gjort dette sjølv innan tidsfristen. Dersom du ikkje er ferdig med å nummerere/klargjere svaret ditt når dei 15 minutta er ute, vil eksamensvakta inndra det. Svaret blir lagt i ein konvolutt slik det er. Konvolutten blir limt att og det blir ført på kandidatnummer, klokkeslett, og ei kort forklaring på kvifor det ikkje er ferdig klargjort.
Du har ikkje høve til å ta med deg verken uskrivne, eller skrivne eksamensark ut av eksamenslokalet.
Sist endret: 03.10.2019 09.23