UB infosenter

UB infosenter held til i Kultur- og samfunnsfagbiblioteket i Breivika i Tromsø. På denne sida finn du eit oversyn over UB infosenter sine opningstider, og dei tenestene vi tilbyr.


Tenester
Du kan oppsøkje UB infosenter for følgjande tenester:
•    Bibliotektenester
•    Studentkort
•    Karakterutskrift
•    Stadfesting på studierett
•    Rettleiing i samband med opptak til studium
•    Rettleiing i samband med betaling av semesteravgift og semesterregistrering
•    Lån av PC til digital eksamen
•    Lån av bandopptakar
•    Generell informasjon


Om studentkort
UB infosenter skriv ut studentkort og erstattar tapte studentkort. Vi har ikkje høve til å sjekke kva for bygg du har tilgang til, eller gje deg nye tilgangar på studentkortet ditt.
Studentkortet har fire funksjonar:
•    ID-kort
•    Tilgangskort (nøkkelkort)
•    Lånekort i biblioteket
•    Utskriftskort

Det du treng å vite om studentkortet som tilgangskort finn du her.

Det du treng å vite om studentkortet som utskriftskort finn du her.


Om karakterutskrifter og vitnemål
Hos UB Infosenter vil du kunne hente ut karakterutskrift med resultata dine frå UiT. Vi kan ikkje skrive ut vitnemål til deg.

Viss du skal dele resultata dine digitalt, kan du nytte Vitnemålsportalen.

Her finn du informasjon om karakterutskrifter og vitnemål.


Ansvarlig for siden: Grethe Karlsen
Sist endret: 01.02.2018 15.11
Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Kontaktinfo:
studieinfo@uit.no
77 64 43 00
Du finn oss i 1. etasje

Åpningstid:
Måndag-fredag: 08.00-15.45

Telefontreffetid
Måndag-fredag: 11.00-13.00

For English, click here



Skip to main content