UiT Samtaler: Er me rusta for kriser?

Illustrasjons-/bannerbilde for UiT Samtaler: Er me rusta for kriser?

«Totalforsvarsåret handlar om at alle delar av samfunnet skal bli betra rusta til å handtera kriser, og i verste fall krig.» Slik opna justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen Totalforsvarsåret 2026.

Men kva betyr dette for studentane?

Er dagens studentar førebudde på å handtera kriser som pandemi, naturhendingar, digitale truslar eller andre uventa situasjonar? Og kva ansvar har universitetet, og studentane sjølve?

Denne gongen set me søkjelyset på studentberedskap. Mange studentar bur langt frå familie og etablerte nettverk, og står ofte meir på eiga hand enn andre grupper i samfunnet. Samstundes skal dei ut i arbeidslivet og bli viktige bidragsytarar i samfunns- og kunnskapsberedskapen vår. Dei tilsette ved universitetet spelar òg ei viktig rolle gjennom å vere førebilete og bidra til å byggja ein kultur for ansvar, førebuingsevne og tryggleik i kvardagen.

Korleis arbeider UiT for å rusta studentane? Kva kan og bør studentane gjere sjølve? Korleis kan tilsette og studentar saman bidra til ein sterkare beredskapskultur? Og kva lærdomar tek me med oss frå covid-pandemien?

Bli med på ein aktuell og viktig samtale om korleis me kan styrkje beredskapen vår, både som enkeltmenneske og som samfunn.

Til å diskutera temaet kjem nestleiar og beredskapsansvarleg i Studentparlamentet, Jamie Morice-Jones, fyrsteamanuensis i freds- og konfliktstudiar Marcela Douglas Aranibar, og prorektor for utdanning Rikke Gürgens Gjærum.

Arrangementet er ope for alle interesserte. Samtalen blir også strøyma for dei som ikkje har høve til å delta fysisk. Det blir lett servering. Velkomen!

Når: 28.10.26 kl 13.00–13.45
Hvor: Universitetsbiblioteket i Tromsø og digitalt
Sted: Digitalt, Tromsø
Målgruppe: Ansatte, Studenter, Gjester / eksterne
Kontakt: Stine Holand
Telefon: 90134190
E-post: stine.holand@uit.no
Legg i kalender