Her legg vi òg ut programoppdateringar like før konferansestart og under konferansen. På denne sida finn du òg informasjon om minikurset om datahandtering som blir arrangert under konferansen." /> Her legg vi òg ut programoppdateringar like før konferansestart og under konferansen. På denne sida finn du òg informasjon om minikurset om datahandtering som blir arrangert under konferansen." />
Konferansen startar onsdag 23. november med registrering kl 11.30–12.30 og sluttar fredag 25. november med lunsj kl 11.45–13.00. Konferanseprogrammet finn du som vedlegg nedst på denne sida. Her legg vi òg ut programoppdateringar like før konferansestart og under konferansen.
På denne sida finn du òg informasjon om minikurset om datahandtering som blir arrangert under konferansen.
På MONS 19 blir det arrangert eit minikurs om datahandtering i regi av partnarar i prosjektet CLARINO. Mellom dei er UiT Noregs arktiske universitet, universiteta i Bergen og Oslo samt Norges handelshøyskole (NHH) og NSD Norsk senter for forskingsdata.
Planlegg du å gå i gang med eit forskingsprosjekt der du/forskingsgruppa di skal samla inn og handtera data? Eller skal du rettleia ein student som skal i gang med eit slikt prosjekt? På dette minikurset vil du få ei praktisk innføring og oppdatering på beste-praksis-tilrådingar for datahandtering. Målet er at denne informasjonen skal hjelpa deg med å få dreis på datahandtering alt frå søknad og planlegging og gjennom heile prosjektet. Det vil også hjelpa deg med å oppfylla krav og tilrådingar frå institusjonen din, finansiørar (t.d. EU, NFR) og utgjevarar (t.d. tidsskrift).
Sjå kursskissen i vedlegget nedanfor. I skissen finn de òg påmeldingslenke. Alle som melder seg på MONS, vil dessutan få ein e-post med høve til å melde seg på minikurset via påmeldingslenka. E-posten vert send ut rett etter påmeldingsfristen er ute 20. oktober. Gje oss gjerne innspel om kva tema og datatypar som er av interesse, t.d. korpus, kvantitative data, rettigheitshandtering etc. Kontaktpersonar for kurset er Rune Kyrkjebø, rune.kyrkjebo@uib.no, og Helene N. Andreassen, helene.n.andreassen@uit.no.
|
|
|