Kven eig framtida? KI, UiT og samfunnsansvaret

Illustrasjons-/bannerbilde for Kven eig framtida? KI, UiT og samfunnsansvaret

Kunstig intelligens er i ferd med å endra måten me forskar, lærer, arbeider og tek avgjerder på. Samstundes reiser teknologien viktige spørsmål om ansvar, datasikkerheit, berekraft og styring. Kva rolle skal KI spele ved UiT?

Korleis heng bruken av KI saman med universitetet sitt samfunnsoppdrag? Og korleis kan universitetet bidra til å møta utfordringane teknologien skaper, både miljømessig, sosialt og institusjonelt?

I denne panelsamtalen utforskar me korleis KI påverkar forsking, utdanning og arbeidslivet ved UiT. Me diskuterer kven som skal ta dei viktige avgjerdene, om me har systema og styringsstrukturane som trengst, og korleis utviklinga ser ut frå perspektivet til studentar, forskarar og andre tilsette.

Samtalen blir leia av førstebibliotekar Åsne Høgetveit, og i panelet møter me rektor Dag Rune Olsen, universitetslektor Marko Lukic og filosof Maria Danielsen. Med ulike perspektiv på teknologi, akademia og samfunnsansvar, inviterer dei til ein samtale om moglegheiter, dilemma og vegvala UiT står overfor i møte med kunstig intelligens.

Samtalen blir strøymd: lenkje kjem

Det blir enkel bevertning og kaffi til alle som kjem på UB.

Når: 26.08.26 kl 12.00–12.45
Hvor: Universitetsbiblioteket i Tromsø og digitalt
Sted: Digitalt, Tromsø
Målgruppe: Ansatte, Studenter, Gjester / eksterne
Ansvarlig: Stine Holand
Legg i kalender