Senioruniversitetet - Foredrag: Guds fire døtrer og Landslova av 1274

Foredrag ved professor Jørn Øyrehagen Sunde, UiO.

Professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde, UiO. Foto: Hans Jørgen Brun
Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett i Oslo. Han har leia Landslovsprosjektet sidan 2014, har vore fagleg ansvarleg for den nasjonale markeringa av Landslova sitt 750 års jubileum i 2024, og har publisert boka «Kongen, lova og landet» om Magnus Lagabøter. Sunde fekk i 2015 Meltzerprisen for framifrå formidling, i 2020 heldt han Aarebrot-førelesinga, og i 2023 fekk han Saton-medaljen for framifrå forsking.

Jørn sier følgende om foredraget sitt:

Heile Europa gjekk gjennom store endringar frå midten av 1100-talet. I Norge var endringane særleg store, fordi samstundes vart slaveriet oppløyst og ættesamfunnet svekka. Det betydde at bærande strukturar for det gamle samfunnet svikta, og nye måtte etablerast. Magnus Lagabøters Landslov var eit svar på desse store utfordringane. I Landslova finn vi forteljinga om Guds fire døtrer. Den spring ut av Salme 85 i Bibelen, vart utvikla i jødisk tradisjon før forteljinga vart tatt i bruk av kristne intellektuelle, reiste frå Paris til Nidaros, og vart ein viktig byggjestein i den norske staten som Landslova etablerte.

VELKOMMEN!

Arrangement under Forskningsdagene i regi av Senioruniversitetet i samarbeid med UiT i Harstad.

Med forbehold om justeringer i programmet.

Når: 19.09.24 kl 12.00–13.30
Hvor: UiT Harstad, Havnegata 5, Grønt auditorium
Sted: Harstad
Målgruppe: Ansatte, Studenter, Gjester / eksterne, Inviterte
Kontakt: Harald Torsteinsen
Telefon: 95207740
E-post: senioruniversitetet.harstad@gmail.com
Legg i kalender