Berge Furre: Politikar, historikar, prest – og pioner ved UiT

«Berge Furre både skapte og skreiv Norges-historie» står det bak på boka til biograf Arnhild Skre. Han skapte også UiT-historie og kunne ha skapt endå meir. Kvifor kom han hit og korleis hadde seg at han plutseleg forsvann? 

Svara får du på Prelaten 20. mars, då inviterer Historisk Forening Tromsø (HIFO) alle interesserte til åpent Raudvinsseminar med biografen sjølv.

Berge Furre meiner dei fleste at dei kjenner – om dei er gamle nok. Likevel vil den ferske biografien Berge Furre. Eit liv i rørsle ha overraskingar for dei fleste:
Var den stødige talaren og partileiaren nokon gong plaga av nervar?
Tapte den medrivande forkynnaren og kyrkjepolitikaren nokon gong gudstrua si?
Og, kva hadde Furre med UiT å gjera?

Biograf Arnhild Skre drøftar og gjev på desse og mange andre spørsmål som dukka opp i hennar lange arbeid med den mangfaldige livsforteljinga

Når: 20.03.23 kl 19.00–21.00
Hvor: Prelaten Kro og Scene
Sted: Tromsø
Målgruppe: Ansatte, Studenter, Gjester / eksterne
Kontakt: Christine Smith-Simonsen
E-post: christine.smith-simonsen@uit.no
Legg i kalender