Kven var dei første nordnorske islendingane?

På opningsdagen av Forskingsdagane blir det sett ein nord-historisk grunntone i biblioteket på Norsk polarinstitutt. Dit kjem historikar Alf Ragnar Nielssen for å snakke om dei første nordlendingane som reiste for å byggje og bu på Island i den såkalla landnåmstida. Nielssen har presentert forskinga si gjennom boka Landnåm frå nord – og på eit raudvinsseminar i samarbeid med Historisk foreining i Tromsø og forskingsgruppa CNN vil Nielssen formidle denne spennande historia.
Alle med interesse for nordområdehistorie, polarhistorie, vikingtids- og mellomalderhistorie – ja, kven har ikkje det? – er hjarteleg velkomne!
Arrangør: HIFO Tromsø og Historie UiT - Norges arktiske universitet

