With the Saxifraga Society in our Saxifrage collection

Hage-entusiastar frå Europa delar 19. juni kl. 1900 sine inntrykk av sildre-samlinga i Tromsø arktisk-alpine botaniske hage i Breivika. Open kafé. Gratis inngang. Velkommen!

Saxifraga federici-augusti. Foto: Arve Elvebakk, TMU

 

The Saxifrage Society er ei internasjonal foreining for entusiastar av sildre-familien. Dei er det ein god del av på Dei britiske øyene og i Mellom-Europa. Dei har masse kunnskap, og dyrker i første rekkje dei vakre, puteforma artane og kultivarane i potter i drivhus, sidan vintrane ute er for våte og ustabile og somrane for varme.

No kjem 14 av dei, vi trur dei fleste er engelske eller skotske, eins ærend til Tromsø for å sjå på samlinga vår, som den britiske forfattaren av boka om sildrer i heile verda kalte verdens største samling av sildre-artar.

Sildre-slekta omfattar fleire seksjonar som avløyser kvarandre med blomstring gjennom sesongen, raudsildre-seksjonen er enno i full blomstring.

På omvisninga vil vi la dei dele sine inntrykk av samlinga vår med oss, inkludert dei enkeltplantar som dei sjølv vil velgje å seie noko om.

Open kafé.

Gratis inngang

Velkomen!

 

Saxifraga ferdinandi-coburgii Drakula. Foto: Arve Elvebakk, TMU

Når: 19.06.18 kl 19.00–20.00
Hvor: Tromsø arktisk-alpine botaniske hage
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
Ansvarlig:
Legg i kalender