Informasjon om Romssa giellariššu

Velkommen til åpent informasjonsmøte om Romssa giellariššu på Perspektivet Museum torsdag 8. februar kl 12.15-12.45. Romssa giellariššu (‘Tromsø språkdusj’) er tenkt som ein språkstimuleringsarena for barneskuleelevar som får opplæring i nordsamisk.

Tanken er å samle deltakarane kvar onsdag frå kl. 13-16 på Workinnmarka skole til aktivitetar leia av unge, samisktalande vaksne. Tiltaket vil med det foregå utanfor ordinær undervisning på den «korte» dagen i tromsøskolen, men innanfor vanleg arbeidstid for dei fleste foreldre. Aktivitetane skal vere slike som ungar likar å halde på med, og fokus skal vere på å heile tida snakke samisk.  

Dei unge, samisktalande vaksne i Romssa giellariššu vil vere studentar ved UiT, rekruttert frå ulike studieprogram. Dei vil bli lønna av UiT og få opplæring og rettleiing derifrå. Vidare vil Tromsø kommune  tilsette ein koordinator for tiltaket som då får ansvaret for å organisere transporten frå dei ulike skulane til Workinnmarka og elles halde kontakten med foreldre, lærarar og rektorar. Dersom forslaget om dette tiltaket blir godt mottatt av foreldre og elevar, vil det bli søkt pengar frå Sametinget til den praktiske gjennomføringa. 

Med møtet på Perspektivet museum vil vi gjerne få innspel frå og diskusjonar med foreldre i målgruppa. Er eit slikt tilbod ønskeleg? Kva er det viktig å legge vekt på? Kva skal til for at ein vil bli med på opplegget? I første omgang blir det snakk om eit prøveprosjekt for skuleåret 2018-2019. Ei referansegruppe med språkarbeidarar og forskarar frå ulike delar av Sápmi, leia av UiT, vil følgje prosjektet. I utgangspunktet er målgruppa både første- og andrespråkselevar på alle trinn, men dersom pågangen blir stor og faglege omsyn tilseier det, vil det bli gjort prioriteringar. 

Øystein Vangsnes, professor ved UiT Norges arktiske universitet, deltar på møtet saman med Elin Jørgensen, leiar for Utdanning- og oppvekstkomitéen i Tromsø kommune.

Når: 08.02.18 kl 12.15–12.45
Hvor: Perspektivet Museum
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
Ansvarlig: Øystein Alexander Vangsnes
Legg i kalender