Konsert med masterstudent Julia Gåsvær, trompet

Velkommen til min fyrste masterkonsert!Dei to neste åra skal eg jobbe med korleis eg kan utvikle mitt trompetspel ved å nytte klassiske songteknikkar. Eg ynskjer å utvikle klang, artikulasjon, register, egalitet, elastisitet, halding og pusteteknikk. I samband med dette har eg hatt samtalar med songlærarar på konservatoriet i tillegg til å samarbeide med Anna Skjelbred (sangstudent) i kammermusikk. Medverkande: Ekaterina Isayevskaya, Anna Skjelbred, Ole Bolås, Johannes Garam Liebig, Alma Andersen Øydvin, Aleksander Døvle, Gjermund Johansen og Kristoffer Wøien

Bilde av Julia Gåsvær med trompet

Program

Folketone frå Hallingdal Trad.

Denne folketonen er mest kjendt som salmen ”Ingen vinner frem til den evige ro” skriven av den svenske vekkelsespredikanten Lars Linderot i 1798. Eg spelar ingen nedskrevne arrangement av den, men har valt å spele den nokså rubato og nytte cup mute og pedaleffekt på flygelet for å skape ei trolsk stemning.

Prelude

Jean Francaix (1912-1997)

Dette stykket høyrer til Sonatina av Francaix som er eit lengre verk beståande av tre satsar. Prelude åpnar verket og har ein nokså lett, svak og leikandes karakter. Stykket minner meg om haust og eg ser for meg lauv som fell frå trea og snurrar rundt i vinden. Den franske komponisten var også pianist og har skrive små stykker for nesten alle
orkesterinstrument. Francaix sine store førbileter var Francis Poulenc, Maurice Ravel, Igor Stravinskij og Emmanuel Chabrier.

Eternal Source of Light Divine

Georg Friedrich Händel (1685-1759)

Verket vart truleg komponert i 1713 som ein Ode for bursdagen til dronning Anne. Dronning Anne blei den fyrste monarken av Storbritannia. Eternal Source of Light Divine er fyrste delen av ein cantate som vart framført på bursdagen hennar. Stykket har ein majestetisk karakter og hyller dronninga.


Let the Bright Seraphim

Georg Friedrich Händel (1685-1759)

Arien er henta frå oriatoriet ”Samson” som vart skriven rett etter ”Messias” i 1743. Stykket er fullt av glede og takknemlegheit til Gud. Teksten skildrar høgtståande englar som spelar trompet og udødelige harper med gullstrenger.

Two Scenes

Anthony Plog (1947)

Stykket vart skriven i 1974 og skildrar ei naturscene. Teksten er henta frå ei diktsamling til Daveda Lamont. Det oppstår spennande harmoniar i pianostemma og uventa melodiføringar i vokal og trompet. Stykket åpnar med ei kald, spøkelsesaktig stemning som seinare går over i ein meir håpefull karakter.

Folketone frå Hallingdal Trad.

Arr. Julia Gåsvær

Arrangementet vart skriven i haust for Unge Klassikarar på Gloppen Musikkfest. Der vart det framført på festival og radio. Norske folketonar har alltid fasinert meg. Dei har ein kollektiv åndeleg verdi i måten dei sit i hjarta til folk etter å ha overlevd i fleire hundre år.

Når: 12.12.17 kl 15.30–16.00
Hvor: Musikkonservatoriets konsertsal
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
Ansvarlig: Arne Elvemo
Legg i kalender