Boklansering: Namn i det fleirspråklege Noreg

Språk og samfunn-gruppa inviterer til lansering av boka Namn i det fleirspråklege Noreg (Alhaug & Pedersen, red.) torsdag 23. februar 2017 kl 18 på rom E0103 i SVHUM-bygget.

Dei fleste artiklane i denne boka gjer greie for stadnamn og personnamn brukte av språklege minoritetar i Noreg, bl.a. samar, kvenar og romanifolket (”taterar”). Ein artikkel tar for seg personnamn blant nyare innvandrarar. Har dei tatt vare på sin eigen namneskikk eller har dei tilpassa seg norsk namneskikk? Boka inneheld også ein artikkel om namn på teiknspråk og ein artikkel om utanlandsk påverknad på fornamna i Noreg.

I tillegg til at redaktørane Gulbrand Alhaug og Aud-Kirsti Pedersen seier litt om boka generelt og eigne bidrag spesielt, kjem Anna-Riitta Lindgren og Guro Reisæter til å presentere bidraga sine nærmare.

Alle er velkomne på lanseringa! Språk og samfunn stiller med enkel servering.

 

Når: 23. februar 2017 kl. 18.00–20.00
Hvor: E0103, SVHUM-bygget
Studiested: Tromsø
Målgruppe: alle
Telefon: 77645645
E-post: ragni.v.johnsen@uit.no
Legg i kalender