Variasjon i infinitivsmerket i norske dialektar

På semesterets første Språk- og samfunnkveld skal stipendiat Bror-Magnus Sviland Strand (LAVA) snakke om variasjon i infinitivsmerket i norske dialekter. Alle interesserte ansatte og studenter ønskes hjertelig velkommen! Enkel servering.

Innleder skriver følgende om kveldens tema:

«Det har lenge vore kjent at det i norske dialektar, særleg vestnorsk, har eksistert eit infinitivsmerke te jamsides eit infinitivsmerke å (heretter høvevis te- og å-infinitiv)

 (1) An lige te sedda na te veggs (Ajax)

 (2) Han lige å holde de i hånnå (Ajax) 

 

Variasjonen har, etter det eg veit, ikkje vore grundig beskrive for norsk, og eventuelle strukturelle skilnader mellom dei to har difor ikkje blitt diskutert. I dette føredraget skal eg, med data frå Jæren og Dalane i Rogaland: 

 a. visa at variasjonen mellom te- og å-infinitiv ikkje ser ut til å vera tilfeldig.
 b. skissera ei mogleg retning for analyse
 
Det viser seg at variasjonen ser ut til å vera avgrensa langs kjende parametrar, noko som sannsynleggjer ein strukturell skilnad mellom dei to formane.»

 

Når: 28. september 2016 kl. 18.00–21.00
Hvor: E0105
Studiested: Tromsø
Målgruppe: alle
Ansvarlig: Ragni Vik Johnsen
Legg i kalender