
Alle har eit bolleforma kronblad, der insekt kravlar rundt og pollinerer og må gjere ein ekstra innsats for å komme seg ut.
Ole P. Olsen i Balsfjord donerte den imponerande hageplantesamlinga si til Botanisk hage for eit-par år sidan. Han hadde mange marisko-orkidéar og no blomstrar ein god del av desse i Botanisk hage, dei fleste står i peonsamlinga.
På tirsdag skal vi presentere desse plantane som stort sett er freda i naturen, som er eksklusive i hagar, men som er på tur inn i marknaden på grunn av oppformering via vevskultur. No er det mogleg, men krevjande og litt dyrt å skaffe seg materiale av desse.
Oppmøteplass: Hansine Hansens hus i Botanisk hage.
VELKOMMEN !