Lansering av bind I av Norsk språkhistorie

Akademika Tromsø, Institutt for språk og kultur (ISK) og Universitetsbiblioteket (UB) inviterer til lansering av det første bindet av det nye referanseverket Norsk språkhistorie.

Det norske fagmiljøet i nordisk språkvitskap har dei siste åra samarbeidd om å skriva ei ny, stor norsk språkhistorie (jf. nettside: http://nsh.novus.no/).

 

Dette verket skal bestå av fire bind:

  • Bind I Mønster følgjer utviklinga av dei ulike delane av språksystemet – fonologi, morfologi, syntaks, ordforråd og tekst – frå urnordisk til i dag.

  • Bind II Praksis beskriv sentrale sider ved korleis norsk har vore brukt opp gjennom tidene, pluss andre språk enn norsk som har hatt ein plass i det norske språksamfunnet.

  • Bind III Ideologi handlar om språkpolitikk og oppfatningar av og haldningar til språk.

  • Bind IV Tidslinjer tek for seg dei åtte ulike periodane som norsk språkhistorie her er delt inn i, frå den eldste tida (–700) til det moderne Noreg (1945–2015).

 

Bind I av språkhistoria, som åleine er på 681 sider, kjem ut i april. Planen er at bind II og IV skal koma ut seinare i år og bind III neste år.

 

Frå UiT Noregs arktiske universitet er det tre personar som har delteke i arbeidet med denne nye språkhistoria: Universitetsbibliotekar Philipp Conzett har skrive delar av morfologikapittelet i bind I. Professor Endre Mørck har skrive syntakskapittelet i bind I og kapittelet om seinmellomalderen (1350–1536) i bind IV. Professor Tove Bull har skrive om bruk av andre språk enn norsk i bind II, vore redaktør for bind III og dessutan vore UiT sin representant i styringsgruppa for heile prosjektet.

 

Redaktør for bind I er professor Helge Sandøy frå Universitetet i Bergen. Han er i tillegg den eine av dei to hovudredaktørane for heile verket og har bidrege som forfattar i bind I, II og III. Sandøy vil saman med dei tre nemnde UiT-forfattarane/-redaktørane delta på boklanseringa. I samband med lanseringa vil Helge Sandøy òg halda ei gjesteførelesing om eit tema knytt til norsk språkhistorie.

Når: 02.05.16 kl 13.15–14.30
Hvor: Bokhandelen Akademika, UB-kjellaren
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
Ansvarlig: Philipp Conzett
Legg i kalender