Cand.san Anne Martha Kalhovde disputerer for ph.d.-graden i medisinske fag og vil offentlig forsvare avhandlingen:
“Living with voices and sounds others cannot hear”
Kort sammendrag av avhandlingen:
15 personar har delteke i djup-intervju om deira kvardagserfaringar med å høyre stemmer og lydar som andre ikkje høyrer. 14 hadde ei psykoseliding og hadde motteke psykisk helsehjelp. Ei byrja høyre stemmer då ho vart ramma av sorg, utan å utvikle ei psykisk liding eller behov for psykisk helsehjelp. Deltakarane hadde mellom 2-39 års erfaring med stemmehøyring.
Deltakarane erfarte stort sett stemmene og lydane som påtrengande nærvær av nokon og dette avbraut stadig daglege gjeremål og svevn. Mange utvikla seg over tid frå å vere redde og forsøke å blokkera stemmene til det å prøve å forstå nærværa og akseptere dei. Å utvikle eller finne si eiga stemme i høve til nærværa og andre, inkludert helsevesenet, verka vere viktig. Nokre opplevde nærværa som gode eller hjelpsame, dei gav nyttige korrigeringar eller håp i situasjonar der støttande andre var fråverande. For å bli tryggare på, og utvikle nye måtar å halde seg til stemmene og lydane, var det avgjerande at deltakarane vart trudd av nokon dei hadde tillit til og kunne snakke med om stemmene, lydane og forholda dei talte om. Fleire opplevde også at det å gjere noko med forholda stemmene talte om, fekk stemmene til minka eller forsvinne. (Avhandlingen er tilgjengelig for utlån hos Seksjon for forskningstjenester frem til disputasdato)
Veiledere
Hovedveileder professor Anne-Grethe Talseth
Biveileder professor Ingunn Elstad
Bedømmelseskomiteen
Postdoktor Marit Helene Hem, Institutt for helse og samfunn, Det medisinske fakultet, UiO Professor Ove Hellzen, Avdelningen för Omvårdnad, Mittuniversitetet, Sverige
Professor Lena Wiklund Gustin, Avdeling for helse og samfunn, Høgskolen i Narvik/Det helsevitenskapelige fakultet, UiT – Norges arktiske universitet – leder av komité
Disputasleder
Instituttleder Nina Emaus, Institutt for helse- og omsorgsfag, Det helsevitenskapelige fakultet, Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet
Prøveforelesning over oppgitt emne holdes kl. 10.15, samme sted: "Hvordan kan man forstå og utvikle en personsentrert tilnærming i de psykiske helsetjenestene ut fra Merleau-Pontys livsverdensperspektiv?"