Magnus Lagabøters Landslov av 1274 – Korleis kunne det umogelege vert mogeleg?

Tromsø middelalderforum inviterer til gjesteforelesning med rettshistoriker Jørn Øyrehagen Sunde (UiB). Han vil fortelle om sitt pågående forskningsprosjekt om Magnus Lagabøtes landslov. Forelesningen vil etterfølges av faglig-sosialt samvær med ost og vin.
Alle er hjertelig velkomne!

 

Kong Magnus Lagabøters Landslov vart skriven i Bergen vinteren 1273-74. Lovboka vart gjeven til tingmennene på Frostating rundt midtsommar i 1274, og deretter på Gulating, Borgarting og Eidsivating . Dermed hadde heile Noreg fått ei felles lovbok.
Sjølve ideen om omfattande lovgjeving var på det tidspunktet knapt 100 år gamal, og Landslova av 1274 var eitt av bare fire riksdekkjande lovgjevingsprosjekt i europeisk høgmellomalder. Og det var det mest vellukka av dei alle når det gjeld omfang, langvarig og vidtrekkjande bruk:


1) Landslova var bare ein del av eit omfattande lovgjeving som inkluderte Bylova av 1276, ei administrasjonslov av 1277 og ei lov for Island frå 1281.


2) Landslova og dei andre norske lovbøkene var i bruk inn på 1600-talet, medan den islandske lovboka delvis er i bruk framleis.


3) Talet på bevarte manuskript av Landslova indikerer at den kan ha vore svært utbreidd – truleg har det i 1250 funnest eitt manuskript av Landslova per 1200 innbyggjar i fastlands Noreg.


Kong Magnus Lagabøters Landslov av 1274 er dermed eit storverk i europeisk rettshistorie, og eit fyrste steg mot å nytta omfattande lovgjeving til å regulera samfunnet. Slik er Landslova ikkje bare eit stykke norsk og europeisk rettshistorie, men ein nøkkel til å forstå framveksten av moderne samfunnsregulering og statsmakt. Men korleis var det mogeleg å få til eit slikt storverk i Noreg i 1274?

Når: 24.05.16 kl 16.15–18.00
Hvor: SVHUM E0101
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
E-post: cathinka.d.hambro@uit.no
Legg i kalender