Språk og samfunn - seminar

Namnegranskar Gulbrand Alhaug:
Aase eller Åse – i kva grad har rettskrivingsendringa aa > å verka inn på bruken av aa og å i personnamn?

I kva grad har endringar i rettskrivingsreglar gitt utslag i stavemåten av personnamn? I t.d. offentleg språkbruk og i skolen må ein rette seg etter dei vedtekne endringane i stavemåten av ord, t.d. aar > år og tøi > tøy. Dette gjeld også i stadnamn, t.d. Aalesund > Ålesund. Derimot treng ein ikkje følgje rettskrivingsendringane i personnamn. Foreldre kunne framleis velja stavemåten Aase på dottera etter at å vart tilrådd (rettskrivingsreforma 1917) og obligatorisk (rettskrivingsreforma 1938). Heller ikkje i namn på firma, lag og liknande var det nødvendig å endre aa til å. Såleis kunne t.d. fotballklubben i Ålesund (stifta 1914) framleis heite Aalesunds Fotballklubb etter reforma i 1938. I foredraget vil eg legga mest vekt på forholdet mellom aa og å i fornamn, men eg vil også i nokon grad komma inn på etternamn. Kan det t.d. utover på 1900-talet påvisast større ”endringsvilje” i fornamn (Aage > Åge) enn i etternamn (Aagaard > Ågård)?

 

Når: 09.02.16 kl 19.00–21.00
Hvor: SV/HUM rom E-0104
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
Legg i kalender