Med si ferskaste bok i sekken, Bror din på prærien, vitjar Edvard Hoem Tromsø. Tromsø mållag og Elverhøy menighet er derfor stolte av å kunne arrangere salmekveld og bokprat med han." /> Med si ferskaste bok i sekken, Bror din på prærien, vitjar Edvard Hoem Tromsø. Tromsø mållag og Elverhøy menighet er derfor stolte av å kunne arrangere salmekveld og bokprat med han." />

Forfattaren Edvard Hoem vitjar Tromsø 22. november.

Med si ferskaste bok i sekken, Bror din på prærien, vitjar Edvard Hoem Tromsø. Tromsø mållag og Elverhøy menighet er derfor stolte av å kunne arrangere salmekveld og bokprat med han.



Program:
18:00 "No stig vår song" salmekveld med salmar av Edvard Hoem. Elverhøy kyrkje
19:30 Bokprat om "Slåttekar i himmelen" og "Bror din på prærien". Elverhøy meninghetssal

Edvard Hoem debuterte som forfattar i 1969 og har sidan den gong skrive og utgitt romanar, drama og salmar, i tillegg til omsetjingar av Shakespeare. I 2005 vart han innstilt til Nordisk råds litteraturpris for romanen Mors og fars historie. Hans siste roman, Bror din på prærien, er ein oppfølgjar til suksessromanen Slåttekar i himmelen som kom i fjor. Han er ein etablert salmediktar og har mange salmar i den nye norske salmeboka som kom i 2013.

«Det er fantastisk at Hoem kjem opp no når han er brennaktuell med den nye romanen sin», seier styremedlem i Tromsø mållag, Åsne Høgetveit. «Hoem er ein av våre stødigaste nynorskforfattarar og ei viktig stemme for å støtta opp om målforma. Dette har han gjort med romanane sine, og ikkje minst med salmane og viktige omsettingar.». Tromsø mållag og Elverhøy menighet har ved fleire høve samarbeidd med nynorsk i fokus. Det var difor naturleg å samarbeide om eit so stort besøk som det er med Hoem. «Då kyrkja spurde om me ville vera med, var det lett å takka ja. Me satsar på at det vert ein hyggeleg kveld for alle: anten du er godt kjend med Hoem eller dette er fyrste møte», seier Høgetveit smilande.

-----

Søndag 22. november kl. 18.00 er det salmekveld i Elverhøy kyrkje der fokuset er på Hoem sine salmar. Etter salmekvelden i kyrkja vert det bokprat og mogelegheit for signering av Hoem sine to siste bøker i Elverhøy menighetssal. Arrangementet er eit samarbeid mellom Elverhøy menighet og Tromsø mållag. Det er gratis og ope for alle, men det er mogeleg å gje ei gåve for å støtte arrangementet.

Når: 22.11.15 kl 18.00–21.00
Hvor: Elverhøy kyrkje/Elverhøy menighetssal
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
Legg i kalender
Vedlegg / Bilder: