Boklansering: Kvotebaronar : Privat rikdom - utarma fiskevær

Ny debattbok om fiskerinæringa: "Kvotebaronar. Privat rikdom - utarma fiskevær" av Gunnar Grytås!

 si nye bok Kvotebaronar. Privat rikdom - utarma fiskevær som vert lansert 29. oktober går Gunnar Grytås inn i bakgrunnen for kystopprøret og viser korleis fisken, ein felles ressurs, på kort tid har blitt eit spekulasjonsobjekt. Når ein no for alvor innser kor verdifulle kvotane og konsesjonane er, flyt verdiane bort frå kysten. Havlandet har gått på børsen, kysten er utarma samstundes som eksporten frå fiskeri-Noreg nærmar seg 100 milliardar i året.

Noreg har som mål å vera «verdens fremste sjømatnasjon», men i boka si spør Grytås kva slags fiskeristormakt vil vi bli? Historiene frå kysten er ulike. Mange handlar om privat rikdom skapt på kort tid. Andre om forfall og avmakt i samfunn der kvotebaronar og konsesjonsadel har skaffa seg arvesølv på billigsal. Nye klasseskilje har oppstått i ei næring der solidariteten ein gong var så viktig. Mange har utpeika Kjell Inge Røkke og tidlegare fiskeriminister Svein Ludvigsen som agentar for privatiseringa. Men Grytås viser at også Arbeidarpartiet og Norges Fiskarlag har eit stort ansvar for ein politikk som har samla kvoter og konsesjonar på stadig færre hender.

Gunnar Grytås (f. 1949) er forskar ved Norges fiskerihøgskole, Universitetet i Tromsø. Han har arbeidd som forfattar og journalist, mellom anna i Nordlys, Dagens Næringsliv og Fiskeribladet. Han har skrive ei rekkje bøker om fiskeripolitikk og kystkultur, blant anna historia til Noregs Råfisklag frå 2013. Grytås er også ein av forfattarane av fembandsverket Norges fiskeri- og kysthistorie.

Når: 29.10.14 kl 14.15–15.30
Hvor: Akademika Tromsø i UB-kjelleren
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
Lenke: Klikk her
Telefon: 77644920
E-post: kim@ak.uit.no
Legg i kalender
Vedlegg / Bilder: