Meir om forskingsgruppa

Forskingsgruppa i si noverande form har vore i aktivitet sidan hausten 2003, men vidarefører eit arbeid med språk og samfunn som heile tida har stått sentralt ved Universitetet i Tromsø.

Verksemda i forskingsgruppa Språk og samfunn er eit ledd i arbeidet med å realisere ambisjonane fakultetet har om å byggje opp eit sterkt forskingsmiljø i sosiolingvistikk i vid forstand. Vidare framover er det eit mål med denne forskingsgruppa at ho skal kunne stå bak søknader om middel til felles forskingsprosjekt og vere tilskipar av seminar, konferansar og forskarutdanningskurs.

Under Forskingsdagane 2012 hadde Språk og samfunn-gruppa eit kvelds-arrangement på Tromsø bibliotek og byarkiv om språkleg mangfald i Tromsø.

Florian Hiss innleidde.

 

Spørsmål frå salen Åse Mette Johansen  Hilde Sollid

 

 




Ansvarlig for siden: Hilde Sollid
Sist oppdatert: 24.03.2017 08:24