Barne- og familievern i urfolkssamfunn

Barne- og familievern i urfolkssamfunn

Dette prosjektet er ein komparativ analyse av familieråd og andre nettverksbaserte metodar i ein urfolkskontekst i Norge og Nord-Amerika.
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Prosjektet set familierådsmodellen inn i ein vidare kontekst for å sjå kva idear og erfaringar som ligg til grunn for implementering av familieråd i barne- og familievern.Ved å samanlikna sluttingstaking og konflikthandtering innanfor rammene av familienettverk og barnevern i ulike urfolkssamfunn  er målet å bringe fram kunnskap for vidareutvikling av kulturelt egna og etisk forsvarlige tenester innanfor velferdsstaten.

Familieråd står i ein tradisjon av restorative justice. Studien vil sjå nærmare på korleis familieråd blir konstruert som fenomen og korleis det som metode i Norge og USA står i forhold til ideologiane om empowement og revitalisering av storfamilien.

Problemstilling

Kva fremmar og kva hemmar lokalbaserte tiltak i urfolkssamfunn?  

  • Kva er forskjellar og likskap mellom sluttingstaking og konflikthandtering innanfor barne- og familievern i urfolkssamfunn?
  • Kan familierådsmodellen bidra til kultursensitivitet i barne- og familievern? Korleis blir det gjort?
  • Kva er dei adresserte intensjonane frå  kunnskapsprodusentar om nettverksarbeid og lokalbaserte tiltak i Norge og i USA?
  • Kva erfaringar kjem til utrykk frå sosialarbeidarar om nettverksarbeid og lokalbaserte tiltak i Norge og i USA?

 

Prosjektperiode: mai 2013-mai 2017.

Stipendiat: Reidunn Håøy Nygård




Ansvarlig for siden: Saus, Merete
Sist oppdatert: 14.12.2022 08:54