Creating the New North (CNN)
"Creating the New North: Manifestations of central power in the North AD 500-1800" er ei fleirfagleg forskingsgruppe som koordinerer og fremjar tverrfagleg forsking mellom fagmiljøa for arkeologi, historie, kunstvitskap, religionsvitskap og kulturvitskap ved HSL-fakultetet og Tromsø museum. Programmet er eit langsiktig initiativ for å koordinere arbeidet til dei involverte institutta mot eit felles mål om ei ny og betre forståing av den historiske utviklinga innanfor busetnad, samfunn og identitet i mellomalderens Nord-Noreg spesielt, og Nordkalotten generelt.
Hovudmålet for programmet er å skapa ny kunnskap om korleis dei nordlegaste områda i Europa gjekk frå å vera prega av eit ope samspel mellom ulike etniske grupper til å utgjera nordlege periferiområde underlagt veksande statar med administrative senter lenger sør. Og å sjå denne utviklinga i eit regionalt, nasjonalt og kontinentalt perspektiv.
Programmet har utvikla seg gradvis og var til april 2010 konsentrert om perioden AD 1000-1600. Frå 2010 har programmet formell status som forskargruppe ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning. I samband med denne prosessen har me utvida den kronologiske ramma av to grunnar: For det første, ved å utvide programmet kronologisk vil forskinga vår koma meir på line med generell europeisk mellomalderforsking. For det andre blir me betre i stand til å få grep om karakteristiske trekk ved fortida i arktiske regionar. Difor: AD 500-1800.
Ein breiare presentasjon av forskingsprogrammet, oppdatert januar 2012, finn du her.
Creating the New North er ei av forskargruppene ved HSL-fakultetet
Siste nytt:
07.03.2013: Stefan Figenschow på NTNUs middelalderseminar: "Perspektiver på sentralmaktenes etablering og utvikling i de nordlige delene av Norge i middelalderen."
30.01-02.02.2013: Oppstartsseminar for Reformasjonsprosjektet på Trondenes og i Harstad.
18.01.2013: Reidar Bertelsen på Kveldsakademiet på Melbu: Hadsel som maktsentrum i jernalder og mellomalder. 22.01: Og det vart ein suksess: Mektige Hadsel.
15.12.2012: Høyr Sigrun Høgetveit Berg på programmet Museum om pilegrimsreisa frå Trondenes til Roma i 1500.
Desember 2012: Ingebjørg Aamlid Dalen er tilsett som stipendiat i reformasjonsprosjektet