Språk og samfunn

Forskargruppa Språk og samfunn samlar forskarar på eller med tilknyting til Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning som arbeider med problemstillingar som gjeld tilhøvet mellom språk og samfunn.

Porsanger kommuneskilt.jpg (Bredde: 560px)
Foto: Kurt Johnsen

Forskargruppa arbeider mellom anna med emne som geografisk og sosial variasjon, fleirspråklegheit og språkkontakt, språk og kjønn, språkplanlegging og språknormering, namnegransking, diskurs- og samtaleanalyse, språklege tekst- og sjangerstudium med meir. Nordnorske språkforhold står sentralt, men både andre språkområde og allmenne teoretiske problemstillingar er aktuelle.

Kontaktperson: professor Tove Bull
Telefon: 77 64 65 87
E-post: tove.bull@uit.no 


Ansvarlig for prosjektet: Hilde Sollid

Språk og samfunn er ei av forskingsgruppene på HSL-fakultetet.

treetforskning.JPG (Bredde: 180px)